Det er saka om økonimirotet i Forsvaret som vekker reaksjonar. Regjeringa meiner å ha oppfylt dei krav Stortinget har stilt om å informere om planane for å gjenvinne styringa over økonomien i Forsvaret.

BT stilte spørsmål

Dette framgår av eit svar statsministerens kontor har gjeve skriftleg til Bergens Tidende etter at BT stilte spørsmål om denne saka onsdag.

Spørsmålet frå BT gjekk kort og godt ut på korleis Regjeringa har tenkt å fylgje opp pålegget Stortinget gav gjennom vedtaket 5. april.

Her heitte det at Stortinget bad Regjeringa legge fram ei eiga sak for Stortinget om korleis Regjeringa skal gjenvinne overordna styring med økonomien i Forsvaret.

I svaret frå statsministerens kontor heiter det at Regjeringa meiner å ha etterkome pålegget gjennom den stortingsmeldinga Regjeringa la fram 8. april om meirforbruket i Forsvaret i 2004.

Provoserer

Dette svaret provoserer opposisjonen kraftig.

Misnøya og kritikken rettar seg meir mot statsministeren enn mot den hardt prøva forsvarsministeren, Kristin Krohn Devold.

Ein samla opposisjon vurderer om dei parlamentariske leiarane skal skrive brev til statsminister Kjell Magne Bondevik for å understreke misnøya og alvoret i saka, får Bergens Tidende opplyst.

Alternativet er at Kontrollkomiteen behandlar saka på ein eller annan måte. I går bestemte komiteen seg for å halde eit ekstramøte komande tysdag for å behandle denne saka.

Saka er, etter det Bergens Tidende kjenner til, drøfta mellom leiarane i dei fire opposisjonspartia.

Ei avklaring kan kome alt i dag.