Nyordninga vart banka igjennom samrøystes i Stortinget 18. juni saman med eit vell av andre saker og trer i kraft frå 1. oktober. Til grunn for vedtaket lå ei samrøystes tilråding frå presidentskapen.

Utan kostnadsoverslag Vedtaket er gjort utan at det er utarbeidd noko kostnadsoverslag. Det bryt med prinsippa i utgreiingsinstruksen som regjeringa er bunden av. Her er det fastslege krav om utarbeiding av økonomiske og administrative konsekvensar ved gjennomføring av nye tiltak.

Utgreiingsinstruksen gjeld rett nok ikkje for Stortinget, men både Riksrevisjonen som Stortinget sitt kontrollorgan og Stortinget sjølv brukar å vere svært påpasseleg med å sjå til at regjeringa fylgjer denne instruksen.

I tilrådinga si skriv presidentskapen at ein over tid har søkt å legge forholda betre til rettes for representantar med små barn.

Statsrådane Stortingsrepresentantane får då same ordninga som statsrådane i dag har.

Statssekretærar og politiske rådgjevarar i departementa som har barn som bur i heimen, har rett til ei fri heimreise i veka. Det er den same ordninga som gjeld for stortingsrepresentantane i dag og som vil gjelde vidare for dei representantane som fell utanom nyordninga.

Ved særlege omstende kan statssekretærar og politiske rådgjevarar få dekt fleire heimreiser.

Saka har vore førebudd i administrasjonen i Stortinget utan at ein har utarbeidd noko kostnadsoverslag over kva utgifter nyordninga vil føre med seg.

Det opplyser avdelingsleiar Randi Wisnes Haugen til Bergens Tidende.

Refusjon av dokumenterte utgifter til heimreise er skattefrie, framgår det av handbok for politisk leiing frå Statsministerens kontor.

– Demokratiomsyn Visepresidenten på Stortinget, Carl I. Hagen, seier i ein kommentar at regelendringa er gjort av reine demokratiomsyn.

– Poenget er at det skal vere enklare for folk med små barn å kunne la seg velje til Stortinget, uavhengig av kvar ein bur i landet. Dette gjer vi for å redusere belastninga for småbarnsforeldre. Dette handlar ikkje om økonomiske kostnadar som det dessutan vil vere uråd å stipulere. Det vil variere frå år til år, seier Hagen.

I den same innstillinga innskjerpar presidentskapen at daglege reiser mellom bustad og Stortinget, reine arbeidsreiser, er å rekne som privatreiser og skal dekkast av den einskilde representanten.

Det gjeld også eventuell bruk av drosje heim etter seine kveldsmøte.

Stortinget har i visse tilfelle likevel betalt drosje heim etter kveldsmøte som sluttar etter klokka 22.00. Men det er å rekne som unntakstilfelle, slår presidentskapen fast.

Greitt å gje stortingsrepresentantar fleire heimreiser? Sei di meining!