• Tidlegare stortingsrepresentantar og statsrådar bør vere tilbakehaldne med å gå inn i betalte jobbar som lobbyistar.

Det seier direktøren i Stortinget, Hans Brattestå, til Bergens Tidende.

— Slike overgangar reiser ein del prinsipielle problemstillingar - utan at eg vil gå direkte inn på dei nå. Men det er viktig å vere klar over temaet, seier Brattestå.

Brattestå seier det er relevant å ta opp desse problemstillingane.

Knudsen og Opseth

— Eg er ikkje heilt klar over omfanget av tidlegare representantar som har gått inn i denne bransjen, men gjennom medieomtalen, er eg blitt klar over eit par, seier han.

I går fortalde Bergens Tidende at Grete Knudsen ikkje har nokon motførestellingar og ikkje ser noko problem ved at ho sjølv har gått direkte frå ein statsrådpost til å drive lobbyverksemd. Derimot åtvara ho mot «jyplingar og skårungar» i politikken, som går den same vegen - utan «ballast».

Partifelle Kjell Opseth er i same båt.

Krev karantene

Utspelet frå Knudsen resulterte i at tidlegare statssekretær Kjell Alvheim (V) melde seg for Bergens Tidende, som «representant for skårungane». Han er nå tilliks med Knudsen etablert som lobbyist.

— Eg meiner absolutt at det bør vere karantenereglar for topp-politikarar som går over til å drive lobbyverksemd, så vel som for embetsmenn. Samstundes vil eg ta sterkt til orde for at det blir sikra likeverdige konkurransevilkår når det gjeld ein viktig arena som tilgang til Stortinget, seier Alvheim.

Han viser til at tidlegare stortingsrepresentantar har livsvarig fri tilgang til Stortinget. Det gjeld også om dei driv lobbyverksemd i Stortinget.

Konkurransevriding

Andre som opererer i same bransje, har ingen slik rett til fri tilgang til Stortinget. Dei må hentast av den dei skal møte i Stortinget og så leiast ut att etter møtet.

— Dette verkar konkurransevridande, seier Alvheim. Han er ikkje framand for at både det norske Konkurransetilsynet og EØS-tilsynsorganet ESA vil kunne ha meiningar om dette.

Appell om sjølvjustis

Brattestå seier at politikarar som har sete i tunge statsrådsjobbar, vil kunne ha kunnskapar, innsikt og kontaktar som dei vil kunne trekkje på som lobbyistar.

Brattestå appellerer til sjølvjustis og gjennomtenking av problema frå dei som tenkjer på å gå frå politikk til lobbyisme. Og han vonar også at omgivnadene gjev innspel og råd.

Han meiner det vil vere håplaust å operere med karantenereglar eller lovregulering.

Redd «profesjonelle lobbyistar»

Brattestå har ingen sans for å nekte tidlegare stortingsrepresentantar som driv lobbyisme fri tilgang til Stortinget. Han seier samstundes at han er meir redd for «dei profesjonelle lobbyistane» som tydelegvis ikkje blir særleg hemma av formelle innsleppsreglar i Stortinget.

— Mykje tyder på at desse i realiteten har like lett tilgang når det gjeld å kome inn - og å halde seg flytande rundt i systemet, seier Brattestå.

— Overfor tidlegare stortingsrepresentantar som no driv lobbyisme, opplever eg at Stortinget har sunne reaksjonar. Det verkar på ein måte som om det fell ned ein klaff - også i høve til tidlegare partifeller, når dei kjem for å utføre betalte oppdrag, seier Brattestå.