Departementet fekk ikkje eit einaste spørsmål frå Stortinget eller nokon stortingsrepresentant.

Men då pressa slo opp opplysningane, reagerte politikarane til gjengjeld sterkt. Mange tok avstand frå det som vart oppfatta som svært lukrative avtalar.

4. oktober 2002 fekk Stortinget oversendt eit dokument frå Helsedepartementet med opplysningar om løn og pensjonsvilkår for direktørane i dei fem regionale helseforetaka.

Ut frå dette må ein legge til grunn at både helseminister Dagfinn Høybråten og stortingspolitikarane har akseptert tilsettingsvilkåra for helsesjefane.

Levert til komiteen

Dokumentet vart levert til Sosialkomiteen der det er stempla inn 9. oktober, og etter fast praksis, omdelt til alle medlemene i komiteen.

I dette dokumentet framgår det at administrerande direktør Steinar Stokke i Helse Sør har ei samla løn på 1,4 millionar kroner og at han har rett til 66 prosent av løna i pensjon frå fylte 62 år. Det utgjer 924.000 kroner i pensjon, på nivå med løna til statsministeren.

Av dokumentet framgår også at Stokke har rett til firmabil til ein verdi av inntil 450.000 kroner, og at han får andre ytingar som fri fast— og mobiltelefon, frie aviser og dekning av overnattingar i Skien. Han kunne også få etterløn i 12 månadar.

Helse Vest

I det same dokumentet er det opplyst at direktøren i Helse Vest, Herloff Nilsen, fekk ei samla godtgjerdsle på 1.382.500 kroner. Han hadde også fri fast- og mobiltelefon, fri avis og kredittkortabonnement. Nilsen hadde fått rett til etterløn i seks månadar.

Tilsvarande opplysningar er gjeve for dei andre regiondirektørane.

Opplysningane skulle, etter vanleg praksis ha framgått av statsbudsjettet. Det gjorde det ikkje avdi departementet hadde motteke opplysningane for seint til å få dei med. Difor vart opplysningane oversendt til Stortinget i eit eige brev med vedlegg. Det skulle gjere opplysningane meir i augnefallande.

Tilsvarande informasjon vart også trykt som vedlegg til budsjettproposisjonen for 2004, som vart lagt fram i fjor haust. Her vart det opplyst at Stokke hadde fått ytingar på heile 1.814.000 kroner. Av dette var 446.000 kroner pensjonspremie.

Opplyste ikkje

Derimot har departementet ikkje fortalt Stortinget at Stokke hadde avtale om at han kunne gå av når han vart 58 år og oppnå full direktørløn, slik VG avslørte i går.

Heller ikkje vart det opplyst om at det var inngått ein «opptrappingsplan» som ville innebere at løna kunne trappast opp gjennom ei form for bonus.

— Opplysningane i den fullstendige tilsettingsavtalen for Stokke fekk vi først i november 2002. Difor kunne dei ikkje framgått av meldinga vi sendte til Stortinget i oktober 2002. Samstundes trur eg kanskje at om vi hadde hatt opplysningane, ville vi likevel ikkje omtalt dei, seier departementsråd Anne Kari Lande Hasle i Helsedepartementet til Bergens Tidende.

Opplysningane vart heller ikkje gjeve seinare og er heller ikkje nemnt i budsjettdokumentet for 2004. Hasle seier at det alltid er eit skjøn kor detaljerte opplysningar ein skal gje. Ho opplyser at ho har vore i kontakt med Næringsdepartementet om praksis ettersom det er dette departementet som har utarbeidd retningsliner for kva opplysningar som skal presenterast for statlege foretak. Ein tek sikte på å fylgje aksjelova, så langt det passar.