Kontrollkomiteen stilte i førre veke fleire spørsmål til forsvarsministeren om saka.

Svaret frå statsråden kom måndag kveld og har vekt enorme reaksjonar:

— Svaret er ei hån mot avdelingsdirektøren. Statsråden hadde ut frå «menneskelege omsyn» ingen motforestillingar mot å anke dommen som han vann. Nå nyttar ho «menneskelege omsyn» som argument for å trekkje anken. Eg ser det nå slik at dommen vart anka for å prøve å knekke avdelingsdirektøren. Dette er kynisk og motbydeleg, seier Frp-formann Carl I. Hagen til BT.

- Må opne sak

— Eg ser nå ingen annan utveg enn å opne sak. Det er heilt nødvendig for å få alle kort på bordet og sette skapet på plass, seier Hagen. Kontrollkomiteen, der Hagen er medlem, bestemte i går å ta saka opp på møtet tysdag i neste veke.

SV-representanten Siri Hall Arnøy som også sit i komiteen, seier at partiet ser svært alvorleg på saka. Det ligge i korta at også SV vil opne sak.

Det er pårekneleg at det også blir resultatet av Ap sine overlegningar.

Dette inneber at det etter alle solemerke vil vere fleirtal i Kontrollkomiteen for å opne sak mot Krohn Devold. Det vil truleg bety opne høyringar om saka.

- Trakassering

I brevet til stortingskomiteen skriv Krohn Devold at den oppsagde avdelingsdirektøren har fått tilbod om ny jobb som avdelingsdirektør.

Hagen seier at han er kjent med at den nye jobben er ei ikkje-eksisterande stilling som skal opprettast for å plassere den oppsagde avdelingsdirektøren.

— Meininga er vel å plassere han på eit kontor utan arbeidsoppgåver. Det vil vere ei ny trakassering. Vi krev at han får tilbake tryggingsklareringa, og at han får jobben tilbake. Eg blir stadig meir forundra over statsråden sin måte å opptre på. Det vitnar om at ho ikkje tek inn over seg at det er veksande harme i Stortinget og mellom alle som kjenner denne oppseiingssaka, seier Hagen.

«Ureint trav»

Sjølv seier den oppsagde avdelingsdirektøren til Bergens Tidende at han opplever svarbrevet som ein hån.

— At anken vart trekt av «menneskelege omsyn» står ikkje til truande. Anken vart først trekt etter at vi hadde presentert eit omfattande bevismateriale. At statsråden også opnar for at eg kan søke om «Forsvarets sluttpakke», gjer saka endå verre. Under forliksforhandlingar i desember, stempla regjeringsadvokaten einkvar slik ide som «ureint trav». Det fortel det meste om seriøsiteten, seier den tidlegare avdelingsdirektøren.

SAK?: Kristin Krohn Devold.
FOTO: SCANPIX