Fleire politikarar seier til Bergens Tidende at dei meiner det er avdekka ein ukultur i og omkring helseforetaka, som det nå må ryddast opp i.

Det er også sterke reaksjonar mot dei avgangsvilkåra direktøren i Helse Sør, Steinar Stokke, har fått med seg.

«Horribelt»

— Vilkåra som Stokke har fått med seg, er heilt horrible. At han får med seg ei årsløn på 1,4 millionar ut over lønn på tre månadar i oppseiingstida, pluss ein raus pensjon, er heilt rystande. Han burde ikkje hatt lønn i meir enn tre månadar, seier Olav Gunnar Ballo, lege og stortingsrepresentant frå SV.

— Stokke sa opp stillinga sjølv. Andre tilsette blir nå sagt opp fordi det skal sparast pengar. Dei kan neppe vente seg tilsvarande rause vilkår, og det skapar eit strengt skilje mellom Kong Salomo og Jørgen Hattemakar, seier Ballo.

— Eg meiner vi har sett klare teikn på at det er etablert ein ukultur i helseforetaka og at ein har rekruttert feil type leiarar for helsevesenet, seier Ballo.

- Ufullstendig

— Det er heilt klart at Stortinget ikkje har fått fullstendig, men berre utvalt informasjon frå helseminister Dagfinn Høybråten, seier leiaren i Kontrollkomiteen, Ågot Valle, (SV) til Bergens Tidende.

— Ingen har fortalt oss at Steinar Stokke kunne gå av ved 58 år og oppretthalde full direktørløn. At han også skulle kunne få bonus er heller ikkje nemnt med eit pip, seier Valle.

Ho meiner det er avdekka ein «grådighetskultur» som er annektert frå næringslivet og som på ingen måte kan aksepterast i helsevesenet.

Ho reagerer kvast mot at det ikkje er gjeve opplysningar om at direktørar for fleire foretak innanfor dei regionale helseforetaka, også har fått slike feite avtalar. Ho opplyser at det i korrespondanse med departementet har kome fram at vilkåra til fleire av desse direktørane ikkje kan tilskrivast at det har skjedd ut frå rekrutteringsomsyn.

— Det som er avdekka, stiller helseforetaka i miskreditt, seier Valle.

- Ikkje tilstrekkeleg

Magnhild Meltveit Kleppa, som var sosialminister i Bondevik I-regjeringa, er i dag parlamentarisk nestleiar i Sp.

— Dei opplysningane statsråd Høybråten har gjeve til Stortinget, er ikkje fullstendige og tilstrekkelege. Her mangla det mykje, seier ho.

Ho er likevel samd i at Stortinget har fått tilstrekkeleg informasjon til å kunne ha reagert, og at ein burde ha gjort det. Særleg då ein i 2002 fekk opplysningar i ein eigen ekspedisjon, var det ei ekstra oppfordring til å studere innhaldet.