Vidar Ystad

Stortinget kunne elles, med Grunnlova i hand, pålagt henne å utlevere rapporten. Det ville gjort audmjukinga av statsråden total: Først nekta ho å utlevere rapporten, så lenge ho kunne, slik at ho utfordra Stortinget. Deretter vart ho pressa til likevel å utlevere rapporten.

Varsla seint på kveld

— Eg fekk ein telefon etter klokka 23.00 onsdag kveld frå statsråden med beskjed om at rapporten ville bli overlevert torsdag morgon. Eg fekk inga grunngjeving for haldningsendringa. Men statsråden hadde ikkje noko val. Hadde vi ikkje fått rapporten, ville forsvarskomiteen på møtet torsdag ha gjort vedtak om å krevje rapporten utlevert, seier komiteleiar Marit Nybakk (Ap) til Bergens Tidende.

Eit slikt krav kunne statsråden ikkje avslå. Stortingsfleirtalet har nemleg all makt som trengst etter paragraf 75 f i Grunnlova til å krevje utlevert eitkvart dokument frå statsråd og regjering. Og etter det som har passert i denne saka, er det liten tvil om at stortingsfleirtalet ville bruke denne makta.

Politisk dramatikk

Bak snuoperasjonen ligg det mykje politisk dramatikk og politiske overlegningar på høgt nivå.

Den politiske rådgjevaren til forsvarsministeren, Bengt Eidem, stadfester overfor Bergens Tidende at den politiske leiinga i departementet «rådførde seg med både stortingsrepresentantar og andre regjeringsmedlemer» før avgjerda om å frigje dokumentet vart teken.

Han vil ikkje svare på om også statsministerens kontor var inne i biletet. Men det er nærliggande å tru at statsminister Kjell Magne Bondevik har vore på banen i det som kunne utvikle seg til ei svært kjedeleg sak for regjeringa.

Eidem seier at avgjerda om å frigje dokumentet vart teken i departementet ut frå ei «totalvurdering onsdag kveld».

— I denne vurderinga inngjekk at eit fleirtal i forsvarskomiteen ynskte å få tilgang til dokumentet. Vi ynskte debatt om sak - ikkje om hemmeleghald. Når det så i tillegg vart hevda at vi meinte å ha noko å løyne, gjorde vi det unormale, å gje frå oss eit internt dokument, seier Eidem.

Sterkt svekka statsråd

I Stortinget er den unisone oppfatninga at statsråden har svekka stillinga si ytterlegare gjennom denne saka

— I stortingssalen onsdag gav ho tydeleg uttrykk for at ho ikkje ville utlevere rapporten til forsvarskomiteen og Stortinget. Etter at ho vart pressa i vandrehallen i Stortinget etter stortingsmøtet, var ho på vikande front. Det var difor ikkje overraskande at resultatet vart som det vart, seier Per Ove Width, forsvarspolitisk talsmann i Frp, til Bergens Tidende.

Snuoperasjonen var så total at den interne rapporten, som ifylgje forsvarsministeren sine opplysningar i Stortinget onsdag, aldri hadde vore meint for offentleggjering, torsdag morgon likevel vart lagt ut på internett.

Forsvarskomiteen går nå inn i den 58 siders rapporten.

— Vi vil sjå om det er opplysningar der som burde ha vore framlagt for Stortinget då vi behandla langtidsplanen for Forsvaret i juni. Vi er ikkje ferdig med denne saka, seier Kjetil Bjørklund til BT. Han er forsvarspolitisk talsmann for SV.

FEKK KNIVEN PÅ STRUPEN: Forsvarsminister Kristin Krohn Devold fekk «hjelp» frå regjeringsmedlemer og partifeller til å snu 180 grader i striden om å gje innsyn i ein rapport om løn og tillegg i Forsvaret. - Statsråden hadde ikkje noko val, seier komiteleiar Marit Nybakk (t.v.) FOTO: