Nå kan Sponheim vente seg nye nærgåande spørsmål frå Stortinget når landbruksministerens brev skal behandlast i morgon. Dermed har Sponheim gjort den mykje omtala bupliktsaka på Ågerøya meir politisk betent.

Telefonkontakt

Det handlar om statssekretær Leif Helge Kongshaug si rolle. Komiteen stilte spørsmål på bakgrunn av opplysningar som tidlegare har vorte kjent gjennom Bergens Tidende om at Kongshaug hadde hatt telefonisk kontakt med seglaren av eigedomen, Henrik P. Thommessen. Det var opplysningane i BT som fekk stortingskomiteen til å stille nye spørsmål til Sponheim.

I brevet opplyser Sponheim nå at Kongshaug både har hatt embetsverket sitt framlegg til vedtak til vurdering — og at han har hatt møte med Thommessen.

Det inneber at Sponheim pr. definisjon kjende saka før avgjerda om å fråvike bupliktreglane og gje konsesjon, vart fatta.

Dette står i strid med opplysningar som Sponheim to gongar tidlegare har gjeve til Stortinget, dels i plenum under spørjetimen 20. mars, og dels i brev til komiteen av 21. mars.

Sponheim har då sagt at han ikkje kjende til saka før han las om ho i avisene. Sponheim har samstundes sagt at han uansett er ansvarleg for det som har skjedd i departementet.

Motstrid

Opplysningane nå om Kongshaug si rolle står i strid med dei opplysningane Kongshaug tidlegare har gjeve til Bergens Tidende.

Til BT har han opplyst at han vart oppringt av Thommessen rundt juletider med spørsmål om korleis det gjekk med konsesjonssaka i departementet.

Kongshaug opplyste vidare at han kontakta fagavdelinga med spørsmål om korleis det gjekk med saka.

Til BT har han seinare sagt at han ikkje hadde ny kontakt med Thommessen og at han heller ikkje hadde kontakt med saka før ho vart avgjort i fagavdelinga.

Dette samsvarar ikkje med opplysningane Sponheim nå gjev til stortingskomiteen.

Statssekretær Kongshaug ville i går ikkje uttale seg om saka til Bergens Tidende. Han viste til Sponheim.

Sponheim var i går på reise og ikkje tilgjengeleg for Bergens Tidende.

- Svært interessant

— Desse opplysningane er svært interessante. Men eg vil ikkje seie meir om kva vi nå vil gjere før møtet i komiteen, seier stortingsrepresentant Ågot Valle (SV) til BT. Ho er leiar for Kontrollkomiteen.

Stortingsrepresentant Kjell Engebretsen (A), som er sekretær i komiteen, seier til Bergens Tidende at han ikkje er nøgd med svara frå Sponheim.

Han meiner likevel at det er svært interessant at Sponheim nå opplyser at saka har vore til vurdering hjå den politiske leiinga i departementet. Han meiner Sponheim burde ha orientert Stortinget om dette på eit langt tidlegare stadium.

- Sponheim misoppfatta

— Samstundes reagerer eg mot standpunktet frå Sponheim om at to millionar kroner for ein boligeigedom er alt for lite - uansett. Eg meiner Sponheim må ha misoppfatta både oppgåva si meininga med reglane om buplikt. Det kan ikkje vere ei oppgåve for departementet å syte for at ein seljar får høgast mogeleg pris for ein eigedom. Buplikta er innførd for å sikre levande lokalsamfunn, seier Engebretsen.

Han vil førebels ikkje seie bestemt kva konklusjonar komiteen bør trekkje av dei nye opplysningane frå Sponheim.

Fakta/Lillesand-saka

  • Landbruksminister Lars Sponheim har vore under press sidan Landbruksdepartementet 1. mars omgjorde eit tidlegare vedtak og gav fritak frå buplikta ved sal av ein eigedom i Lillesand.
  • Vedtaket inneber ei ekstra vinst på mange millionar kroner for eksmannen til Annette Thommessen.
  • Ikkje minst i Venstre har reaksjonane vore sterke. Lillesand Venstre rykka inn annonse i lokalavisa retta mot Sponheim.
  • Saka har fått etterspel i Stortinget som langt frå er ferdig med saka. Men Sponheim har avvist kvar ein kritikk. Siste ord er ikkje sagt. I morgon drøftar Kontrollkomiteen saka på ny.
MÅ INNRØMME: Landbruksminister Lars Sponheim har medgitt at en statssekretær behandlet saken om å gi fritak for boplikt i Lillesand.
Foto: Eirik Brekke