Utanriksminister Jan Petersen og samferdsleminister Torild Skogsholm får også passa sine påskrivne.

Kritikken kjem fram i ei innstilling frå Kontrollkomiteen på Stortinget på bakgrunn av ein rapport frå Riksrevisjonen.

Kritikken mot Høybråten rettar seg mot brot på regelverket om offentlege innkjøp. Den omfattar også dårleg rapportering av rekneskapsdata frå helseforetaka. Og den gjeld «kreativ koding» av pasientopplysningar i Helse Sør for å skaffe sjukehusa meir pengar urettmessig.

Samla komite

Dei to første punkta står komiteen samla om i sin kritikk av departementet.

«Komiteen har en rekke ganger slått hardt ned på brudd på regelverket om offentlige anskaffelser og forutsetter at departementet omgående sørger for å bringe forholdet i orden» heiter det i ei samrøystes tilråding.

Komiteen «stiller seg undrende til departementets uttalelse» om at departementet ikkje har nokon posisjon for å kunne gje direktiv om årsrekneskapsrapporteringa, uttalar også ein samla komite.

Det tyngste skytset rettar komiteen mot departementet i saka om «kreativ koding» av pasientdata i Helse Sør.

«Komiteen vil understreke at den «kreative» kodepraksis som er avdekket i Helse Sør RHF er av svært alvorlig karakter. Slike forsøk på urettmessig og ulovlig inntektsøkning til sykehusene er, slik komiteen ser det, helt uakseptable. Enda alvorligere er det at det ble planlagt systematisert gjennom å etablere dette som et prosjekt i Helse Sør RHF. Slike forsøk på urettmessig å tilføre sykehusene offentlige midler er, etter komiteen mening, egnet til å svekke tilliten både til inntektssystemet og til det offentlige helsevesen» skriv komiteen.

Refsar Skogsholm

Samferdsleminister Torild Skogsholm må også tole kritikk frå Kontrollkomiteen. Kritikken går på at departementet i statsbudsjettet for 2003 la opp til å ta ut 54 millionar kroner i utbyte frå Posten Norge AS i strid med aksjelova. Selskapet hadde nemleg ikkje fri eigenkapital og det var såleis ulovleg å ta ut utbyte. Driftsresultatet viste eit underskot på 43 millionar kroner.

Skogsholm må også tole kritikk for å ha gjeve Stortinget utilstrekkeleg informasjon om salet av Nordic Aviation Resources AS. Statsråden har vedgått at opplysningane ikkje var fullstendige.

Petersen går ikkje fri

Utanriksminister Jan Petersen går heller ikkje fri. Han blir halden ansvarleg for fleire forhold knytt til statleg engasjement i selskapet Statkraft NORFUND Power Invest AS. Selskapet skal investere i energisektoren i utviklingsland.

Opposisjonspartia, som utgjer fleirtalet i komiteen, meiner staten har gått ut over rammene for å delta med risikokapital ved oppretting av selskapet. Dei rettar også kritikk mot at fleire av styremedlemene i selskapet også er plassert i styra i underliggjande selskap. Fleirtalet rettar kritikk mot at fleire av desse har fått honorar for konsulentoppdrag eller andre særskilde oppdrag. Forholdet er teke opp og kritisert tidlegare. Likevel har praksisen halde fram.