Stortinget behandla i går fem forslag til endringar i Grunnlova. Alle framlegga vart forkasta. Det blir ikkje oppløysingsrett og ikkje krav om positiv parlamentarisme.

Framlegg om å innføre oppløysingsrett har vore oppe fleire gongar før, men er kvar gong blitt forkasta. Nå var det i prinsippet grunnlovsmessig fleirtal for å innføre oppløysingsrett. Likevel vart det ikkje vedteke.

Ville ha «sin» modell

Høgre stod åleine bak dette framlegget. Ap og Frp, som også har gått inn for oppløysingsrett, ville knyte det saman med innføring av positiv parlamentarisme (såkalla investitur). Det inneber at eikvar ny regjering treng eit positivt «støttevedtak» i Stortinget (fleirtal) for å kunne tiltre.

Høgre ville ikkje støtte Ap/Frp-framlegget, og Ap/Frp ville ikkje støtte Høgre-framlegget. Høgre sitt framlegg gjekk inn for oppløysingsrett og nyval etter at ei regjering har lide voteringsnederlag etter bruk av kabinettspørsmål eller mistillitsframlegg.

Alle dei andre partia gjekk imot begge framlegga som dermed ikkje oppnådde 2/3 fleirtal.

Den drygt to timar lange debatten vart fargerik.

SV i strupen på Ap

Sterkast inntrykk gjorde det då SV sin parlamentariske leiar, Inge Ryan, gjekk i strupen på regjeringspartnar, Svein Roald Hansen (Ap).

Hansen som var ordførar for saka, klaga over at regjeringar i mindretalsposisjon blir eit reint «ekspedisjonskontor» for Stortinget.

Ryan meinte Hansen med dette snudde det viktigaste spørsmålet på hovudet: Oppgåva måtte vere å overflytte makt frå byråkratiet og regjeringskontora til Stortinget.

Han fekk sterk støtte frå Venstre-leiar Lars Sponheim, som meinte det vil vere eit atskilleg større problem om Stortinget blir eit ekspedisjonskontor for regjeringa. Han meinte mykje tyder på at det er slik systemet nå fungerer der regjeringspartia med fleirtal på Stortinget etter intens tautrekking har forhandla seg fram til kompromiss.

— Sakene kjem så seint til Stortinget, ferdig pruta, og med svært lite rom for forhandlingar, hevda Sponheim.

Lokalt sjølvstyre og stemmerett

Dei tre andre grunnlovsframlegga gjaldt senking av røysterettsalderen ved stortingsval til 16 år, grunnlovfesting av lokalt sjølvstyre og endring av reglane for tildeling av distriktsmandat ved stortingsval. Alle vart forkasta.