Dette er klart etter at kontroll— og konstitusjonskomiteen på Stortinget nå samrøystes har gått inn for ei grunnlovsendring som gjer slutt på inndelinga av Stortinget i to avdelingar.

Med den samrøystes innstillinga, er det klart at nyordninga vil få grunnlovsmessig fleirtal.

Lover og riksrett

— Ei endring av Grunnlova trer vanlegvis i kraft straks, men i dette tilfellet er det mest praktisk at det skjer frå neste stortingsperiode av, seier lagtingspresident Inge Lønning (H).

To-delinga har eksistert heilt sidan Eidsvolls-fedrane gav Grunnlova i 1814. Dei to avdelingane har hatt sin funksjon dels i behandlinga av lovsaker, dels i riksretten - straffesaker mot kritikkverdig embetsførsel av statsrådar, stortingsrepresentantar og medlemer i Høgsterett.

Etter at Stortinget har gjort vedtak om å endre riksretten, var det heller ingenting i vegen for å avskaffe Lagtinget si rolle i lovgjevingsprosessen.

To gongar i Stortinget

Fram til i dag har alle saker som gjeld lovendringar eller nye lover vore behandla først i Odelstinget og deretter i Lagtinget.

Etter nyordninga vil alle lovsakene bli behandla av Stortinget. Men sakene må då til behandling to gongar, med minst 48 timars mellomrom, som i dag, for at moglege feil kan bli oppdaga og luka vekk.

Ny riksrett

Riksretten vil få ei ny samansetjing. Til nå har Odelstinget vore påtalemakt, det organet som vedtek å reise sak, medan Lagtinget saman med dommarar frå Høgsterett har utgjort domstolen.

Riksretten har ikkje vore i bruk sidan 1927, og mange har meint at grunnen har vore at riksretten har vore unødig tungrodd.

Etter det nye opplegget, som er meint å bli lettare å ta i bruk, vil Stortinget i plenum overta Odelstinget si oppgåve - å gjere vedtak om å reise sak.

— Domstolen vil bli samansett av seks utvalde, gjerne avgåtte stortingspolitikarar, som skal veljast på åremål av Stortinget. Dei skal saman med dei seks dommarane med lengst ansiennitet frå Høgsterett, utgjere domstolen, seier Lønning.

Lønning, som gjerne blir rekna som grunnlovskonservativ, seier at han ikkje har nokon nostalgiske kjensler eller vemod ved at Odelstinget og Lagtinget blir sendt på den historiske skraphaugen.

— Då vi diskuterte saka i Høgres stortingsgruppe, kunne eg ikkje anna enn seie at for meg personleg var det eit sjølvstendig argument for nyordninga, at eg med dette vil gå over i historia som den siste presidenten i Lagtinget, seier Lønning ikkje utan glimt i auget.

Presidentskapen

Grunnlovsendringa vil også medføre at presidenten og visepresidenten i Lagtinget og i Odelstinget, forsvinn. Men stortingspartia er samde om at dei vil oppretthalde talet på medlemer i presidentskapen, seks i alt.

Det vil då bli ein stortingspresident og fem visepresidentar: 1.- 5. visepresident. Dei vil gjere teneste etter turnus, og tanken er at ein då slepp å velje settepresidentar slik ein praktiserer i dag.

Hitorieprofessor Trond Nordby ved Universitetet i Oslo har i mange år arbeidd med spørsmål knytt til Stortinget. Han seier at heller ikkje han ser grunnar for å oppretthalde to-delinga av Stortinget.

— Frå 1814 og til 1848 var det ein klar tendens til at det var ein overvekt av juristar som sat i Lagtinget. I utgangspunktet vart det sett på, og det var eit ønskje om å etablere Lagtinget som eit overhus. Reelt sett var det ikkje det, og sosialt var det heller ikkje grunnlag for å ha eit overhus i Noreg. I seinare år har Lagtinget blitt sett saman av representantar som har hatt tunge verv utanfor Stortinget og heilt nye representantar, seier Nordby.

SISTE LAGTINGSPRESIDENT: - Det blir sjølvsagt eit spørsmål om kva vi skal bruke lagtingssalen til, når Lagtinget blir avvikla. Riksantikvaren vil sjølvsagt ikkje akseptere at det blir gjort den minste endring i lagtingssalen, seier lagtingspresident Inge Lønning.