VIDAR YSTAD

Heilt på tampen av stortingssesjonen sendte Riksrevisjonen brev til Næringsdepartementet om konsulentbruken.

Kort fortald slo Riksrevisjonen fast at Næringsdepartementet, trass i å ha lova bot og betring, held fast på galeien, med omfattande kjøp av dyre konsulentar i strid med regelverket.

Hemmelegheld svar

— Vi har fått svar frå Næringsdepartementet, men det kan eg diverre ikkje utlevere etter den lovendringa som vart vedteken i vår og som trådte i kraft 1. juli, seier ekspedisjonssjef Per Anders Engeseth i Riksrevisjonen til Bergens Tidende.

— Vi arbeider vidare med saka på grunnlag av svaret, som er omfattande, legg Engeseth til.

Det var Høgre, Ap og Krf som slo seg saman i Stortinget om å stenge for det innsynet som har vore gjeldande heilt sidan 1970.

Dei ville utsetje innsyn i all korrespondanse mellom Riksrevisjonen og etatar som blir kontrollert, til etter at Riksrevisjonen har avslutta undersøkingane sine og eventuelt konkludert med å rapportere saka inn til Stortinget. Blir saka ikkje oversendt til Stortinget, vil det heller ikkje bli innsyn i sakene som Riksrevisjonen har arbeidd med.

Utan innsyn

Då vil korkje politikarar eller opinion få vite kva Riksrevisjonen har teke opp og undersøkt.

SV, Frp, Sp og Venstre gjekk imot å stenge for innsyn.

Dei meinte mellom anna at det auka hemmeleghaldet kan vere direkte skadeleg for oppklaring av saker. Det vart mellom anna argumentert med at manglande medieomtale, kan resultere i at Riksrevisjonen går glipp av tips som ein i dag får.

Store beløp

Riksrevisjonen slår nå ned på at Næringsdepartementet i 2003 brukte 44 millionar kroner på kjøp av konsulenttenester ved eigarvurderingar og sal av aksjar i selskap under departementet. Minst 15 millionar av dette vart betalt ut utan at det vart halde ope prisanbod.

Riksrevisjonen stilte spørsmål om konsulentbruken ved vurderinga av BaneTele AS, ved sal av SND Invest AS og ved sal av aksjar i Grødegaard AS.

Riksrevisjonen minner om at kjøp av konsulenttenester i departementet er teke opp ved revisjonen av reknskapen fleire år. Revisjonen påpeikar at direkte kjøp av konsulenttenster i somme tilfelle var gjort utan tilfredsstillande grunngjeving i forhold til regelverket.

Opnar for nyvurdering

Riksrevisjonen ber om ei utgreiing om kvifor kjøp av konsulenttenester er så stort.

— Eg er kjent med brevet og dei spørsmåla Riksrevisjonen har stilt. Eg skulle også like å sjå svara, men dei får vel heller ikkje eg tilgang til nå, før saka er avslutta, seier stortingsrepresentant Kjell Engebretsen (A) til Bergens Tidende. Han er nestleiar i Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.

— Det er mogeleg at vi har gått for langt i å stramme inn. Dersom erfaringane syner at dette blir ugreit og kronglete, får vi heller endre regelverket att. Vi får nå hauste refaringar i sommar og til hausten og eventuelt vurdere saka på nytt, seier Engebretsen.