I går vart to menn, eigaren (29) og ein tidlegare eigar (47), framstilt for varetektsfengsling, sikta for medverknad til grovt ran med døden til fylgje, i Stavanger.

47-åringen vart i si tid kopla til det brutale ranet mot DnB sin tellesentral i Oslo i 2000. Han slapp med ei bot for å ha hatt ulovleg avlytiingsutstyr. Han skal etter det ha flytta til Dubai og halde fram med sal av spionasjeutstyr derfrå. Mannen skal vere ein nær ven av 37-åringen som politiet har utpeika som hovudmistenkt og etterlyst for Stavanger-ranet.

29-åringen er ein gammal kjenning av politiet med tilknyting til den berykta Tveita-gjengen i Oslo. Han har fleire straffedommar.

Dagbladet hevda i går at politiet meiner dei to har motteke delar av ransutbytet frå dødsranet.

Konkursfare

Reknskapa for selskapet viser dundrande underskot både i 2001 og 2002.

Kredittvurderingselskapet Creditinform vurderer faren for konkurs i selskapet som «kritisk».

Revisoren som reviderte reknskapa, signaliserte i fjor, at det var uråd å vurdere innhaldet av 2002-reknskapet.

Eldstemannen av dei to, stifta og fekk registrert selskapet under namnet Spy Shop i 1991. I 1996 endra selskapet namn til Pro Tech og vart registrert som enkeltmannsføretak på kona til den 47-årige mannen. Ho er ein relativt kjent artist, tidlegare venninne av ein av dei mest profilerte næringslivsfigurane i landet. 9. april 2001 vart dette enkeltmannsforetaket sletta.

Pro Tech AS som nå eksisterer, vart registrert som aksjeselskap i Brønnøysund 26. april 2001.

Økonomien

I 2001, som var første driftsåret etter at dagens eigar hadde overteke, var underskotet 313.000 kroner. Aksjekapitalen på 100.000 kroner var dermed tapt.

Selskapet hadde salsinntekt på 372.000 kroner. I tillegg førde selskapet opp 448.000 kroner som inntekt (erstatning) frå eit forsikringsselskap etter eit innbrot i lokala til Spy Shop.

Driftskostnadene kom opp i 1.133.000 kroner.

Styret uttalar i årsmeldinga at drifta er tilfredsstillande og at framtidsutsiktene «ser lovende ut». «Vi har en jevnt aukande omsetning og etterspørselen etter våres produkt er stigende.» heiter det.

Ifølgje reknskapet for 2002 hadde selskapet salsinntekter på 1.555.000 kroner og driftskostnader på 2.111.000 kroner. Det gav eit driftsresultat på minus 560.000 kroner.

Etter to års drift hadde selskapet dermed ein eigenkapital på minus 773.000 kroner.

Kvar kom pengane frå?

Ifølgje reknskapet hadde selskapet då ei kortsiktig gjeld på 1.592.000 kroner. Av dette var 1.007.000 kroner gjeld til aksjonær. 900.000 kroner av dette er igjen rubrisert som ansvarleg lån.

Eineaksjonær i selskapet er samstundes også styreformann og dagleg leiar.

Det er fleire hakar ved denne framstillinga som gjev grunnlag for inngåande spørsmål.

For det første: kvar kom pengane frå?

Likningsutskrift for denne mannen viser at han i 2000 hadde ei skattbar inntekt på 102.000 kroner, null i formue og betalte 26.605 kroner i skatt. I 2001 hadde han ei skattbar inntekt på 90.600, ei formue på 9000 kroner og betalte 24.898 kroner i skatt. I 2002, det året han skal ha ytt selskapet millionlån, hadde han ei skattbar inntekt på 62.900 kroner, 77.000 i formue og betalte 17.139 kroner i skatt.

Revisor kritisk

Revisor Roar Svensbakken som underteikna revisorerklæringa for 2002, opplyser til Bergens Tidende at også han stilte spørsmål om kvar pengane kom ifrå.

— Vi fekk eit svar, men det var ikkje eit svar vi kunne etterkontrollere, seier Svensbakken.

Kva svaret gjekk ut på, vil han ikkje ut med og viser til at teieplikta hans framleis gjeld.

I revisjonsmeldinga kom han med drepande kritikk mot selskapet:

«På grunn av svakheter i selskapets forretningsrutinar og interne kontroll, har det ikkje vore mulig å utføre de revisjonshandlinger vi anser nødvendige for å kunne uttale oss om fullstendigheten, eksistensen og verdien av salsinntektene og kundefordringene. Disse forhold er behandla i brev til styret.»

I meldinga opplyser han også at skattetrekksmidla ikkje er sett på eigen sperra konto slik lova krev, at eigenkapitalen er tapt og at vidare drift er avhengig av betra inntening eller auka aksjekapital.

Ny revisor

Svensbakken er ikkje lenger revisor for selskapet.

— Vi var samde om at revisorskifte var best, seier han i dag.

— Eg er glad vi er ute av det selskapet, legg han til. Han er førebels ikkje kontakta av politiet.

Ny revisor er Ellen Müller i Asker.

— Nå byrjer det, var det einaste ho ville seie då BT kontakta henne i går. Ho nekta å svare på eitkvart spørsmål. Ho påtok seg revisoroppdraget gjennom ei erklæring av 2. desember i fjor.