HANS K. MJELVA

Klokka 18.30 i dag, 18,5 timar på overtid, vart det klart at årets storstreik i stat og kommunar er avlyst. Akademikerne, UHO, YS og LO aksepterer alle skissa til ei løysing meklingsmann Dag Nafstad la fram for kommuneoppgjeret.

Tidlegare i dag vart dei statstilsette samde med staten om ei løysing.

Striden mellom lærarane og Kommunenes Sentralforbund (KS) om lønssyste-met enda med eit kompromiss. Løysinga inneber at lærarane når toppløna etter 16 år, mot 20 år i dag. KS ville òg endre systemet lærarane har med automatisk lønsopprykk etter utdanning. Det har dei, ifølgje Utdanningsforbundet gått tilbake på.

Både oppgjeret i kommunane og i staten vil gje ein lønsvekst på rundt 3,5 prosent, det same som privat sektor har fått. I utgangspunktet kravde arbeidstakarane langt meir, for å tette noko av lønsgapet til tilsette i privat sektor. Dermed ser det ut til at arbeidsgjevarane har vunne denne kampen.

Kommuneoppgjeret omfattar om lag 370.000 kommunetilsette, der 100.000 er lærarar

— Lærarane kom heilskinna gjennom det første oppgjeret med KS. Vi slo tilbake KS sitt forsøk på å forringe løns- og arbeidsvilkåra i skuleverket, og sørga for å bevare viktige særavtalar, seier leiar Helga Hjetland i Utdanningsforbundet.