EYSTEIN RØSSUMeystein.rossum@bt.no I heile førre veke var to etterforskarar frå Stavanger politidistrikt i Bergen for å etterforske ulykka der servicemannen Rune Grønningen (31) omkom under eit kranløft i Nordsjøen.Etterforskinga blir leia av politibetjent Stein Ege ved Nordsjø-ulykkesavsnittet i Stavanger, som saman med ein kollega har brukt ti arbeidsveker berre på denne eine saka hittil.— Det er lagt ein omfattande etterforskingsplan, seier politiførstebetjent Roy Utheim i Stavanger politidistrikt.Etterforskarane har avtaleboka full fram til 23. mars, ifølgje Utheim. Feltsjefen i avhøyr Det meste av etterforskinga i førre veke var lagt til Hydro-hovudkvarteret på Sandsli, der dei ansvarlege for Oseberg-feltet sit. Blant andre har Lars Petter Lundahl, feltsjef for Oseberg Øst, vore til politiavhøyr. - Så langt har kranføraren status som mistenkt, seier førstebetjent Utheim, som i går ikkje ville kommentere kva som har kome fram i politiavhøyra. Norsk Hydro har fått knusande kritikk frå Oljedirektoratet (OD) etter dødsulykka. Ei gransking som OD gjennomførte konkluderte med at det hadde skjedd ei lang rekkje brot på reglar, forskrifter og prosedyrer. I tillegg meinte OD å ha avdekt uklare ansvarsforhold og ein ukultur der regelbrot vart tolerert. Mora møtte statsråden Dei kravde at Hydro laga ein tiltaksplan for korleis situasjonen kunne betrast, og at dei gjekk igjennom all aktivitet til sjøs for å finne ut om forholda var like ille på andre plattformer.Hydro har svara med å setje ned sju arbeidsgrupper som skal arbeide med å følgje opp.Mor til den omkomne, Lisbeth Olgadatter Wathne, har engasjert seg sterkt i det som førte til at ho mista den einaste sonen sin. Tysdag og onsdag denne veka var ho i møte med oljedirektør Gunnar Berge og arbeids- og administrasjonsminister Jørgen Kosmo.- Det var konstruktive og flotte møte, seier Wathne, som har inntrykk av at det offentlege tek saka på alvor. Ho er derimot kritisk til fagrørslas arbeid på dette feltet, som ho meiner har vore altfor defensivt. Krav om "uropatrulje" Norsk Olje- og Petrokjemisk Fagforbund (NOPEF) gjekk i går ut og kravde at det blir oppretta ei "uropatrulje" i OD som kan gjennomføre uventa kontrollar ute på plattformene.- Vi er i utgangspunktet positive til tanken. Men dette blir også eit spørsmål om ressursar og korleis dei skal fordelast, seier informasjonsdirektør Jan Hagland i Oljedirektoratet.

Les også: Fakta om Oseberg Øst-ulykka