Etterpå møttest dei to på Stoltenberg sitt kontor for å legge nye slagplanar for stormlaupet mot Bondevik-regjeringa.

Om dette er eigna til å tydeleggjere Ap sin politiske profil, som partiet sjølv har vore verbalt oppteken av, er heller tvilsamt.

I Stortinget skulda dei Bondevik for ikkje å fylgje opp pålegg frå Stortinget om auka innsats for å behandle fleire pasientar i år enn i fjor.

Uvanleg sterke ord

Hagen og Stoltenberg brukte uvanleg harde ord då Bondevik svara i «spontan-spørjetimen».

Hagen slo i bordet med eit brev, ein instruks som Helsedepartementet nyleg har sendt til sjukehusforetaka. Her blir det sagt direkte at ein ikkje skal behandle fleire pasientar enn i fjor om det fører til auka kostnader. Han skulda Bondevik-regjeringa for å ha eit tvilsamt menneskesyn.

Bondevik reagerte kvasst mot påstanden om at regjeringa har eit kritikkverdig menneskesyn.

Bondevik seier nå at å fylgje det «oppskrifta» som dei to partia nå gjer seg til talsmenn for, vil innebere eit milliardbeløp i ekstra kostnader.

Etterpå, i lyset frå fotografar og fjernsynskamera, heldt dei to, Stoltenberg og Hagen, fram med å skyte mot Bondevik.

— Det er mange titusenvis av pasientar som ikkje får den behandlinga dei skal ha på grunn av pålegget frå regjeringa, hevda Stoltenberg.

SV: Storm i vassglas

Men SV sin helsepolitiske talsmann på Stortinget, Olav Gunnar Ballo, avfeier kritikken frå dei to parhestane, Stoltenberg og Hagen, fullstendig. Til Bergens Tidende seier Ballo, som sjølv er lege:

— Dette er storm i eit vassglas og eit populistisk utkøyr. Eg oppfattar dette som ei rein statsrådsjakt utan rot i realitetane. Faktisk er det slik at Bondevik-regjeringa gjorde framlegg om 200 millionar kroner meir til sjukehusa enn det Stoltenberg-regjeringa fremja.

— Hadde Frp og Ap i det minste også teke med psykiatrien når dei reagerte, hadde SV kunna støtte dei. Men slik det når er, er det heilt uaktuelt, seier Ballo.

Ballo meiner det er svært positivt at regjeringa nå vil legge opp til meir lokal behandling av pasientar der dei bur. Det vil spare inn svære beløp i reisekostnadar som det offentlege i dag betaler.

Ballo viser vidare til at eit av hovudpoenga med sjukehusreformen, nettopp var å få kontroll med utgiftsveksten i sjukehusa. Han seier også at det har vore ein tendens til overbudsjettering i sjukehusa mot slutten av året.

Dette stadfester tidlegare helseminister i Stoltenberg-regjeringa, Tore Tønne, overfor Bergens Tidende.