— Denne gongen var det verkeleg alvor, seier Ketil Karlsen, HMS-rådgjevar i Industri Energi.

Meir enn 50 helikopter verda over blir undersøkt etter den dramatiske naudlandinga på Flesland.

— Det er flaut for leverandøren, irriterande for oss og urovekkjande for passasjerane, seier Karlsen, og understrekar at hendinga var dramatisk for alle partar.

Mayday, mayday

Det var eit helikopter av typen Sikorsky S-92 som fekk problem kort tid etter take-off frå Flesland 16. juni. Helikopteret med 18 passasjerar og to pilotar om bord skulle etter planen lande på to av Gullfaks-plattformene i Nordsjøen, slik gjekk det ikkje.

Åtte minutt etter avgang mista mannskapet kontrollen over halerotoren som styrer helikopteret, og sendte ut naudsignal.

— Snufunksjonen til halerotoren var ute av normal drift, og fart framover var det einaste som kunne gje kontrollen tilbake, forklarer marknadsdirektør i Norsk Helikopter, Geir Tynning.

- Alvorleg situasjon

Helikopteret måtte dermed utføra ein flygande landing i fart som eit vanleg fly eit kvarter etter dei hadde letta.

Ein slik naudsituasjon er svært sjeldan i helikoptertransport.

— Ein alvorleg situasjon, men pilotane våre har trent på slike landingar i simulator, seier Tynning.

Etter naudlandinga vart passasjerane, som hadde opplevd dramatikken, tekne med på grunding de-brifing.

— Når det er problem med rotorkontroll kan ein ikkje landa på plattform, men må landa på flyplass eller i sjøen. Har ein ikkje nok drivstoff til returen, må ein landa i sjøen. Det kan gå veldig galt, seier Ketil Karlsen i Industri Energi.

Nyleg kom kravet om at alle helikopter må ha returdrivstoff, slik at ein kan gjennomføre naudlandingar på ei rullebane.

Fleire naudsituasjonar

S-92 er den vanlegaste helikoptertypen i offshorebransjen. Ifølgje Karlsen det har vore ein del nødlandingar og problem med denne typen helikopter tidlegare.

Dei norske selskapa Norsk Helikopter og CHC Helikopter Service har til saman har elleve S-92 helikopter som dei fekk i 2005.

CHC Helikopter Service hadde to naudlandingar med denne helikoptertypen i fjor. Petromagasinet melde i fjor om fem alvorlege hendingar på fire veker med desse helikoptera.

— Det har ikkje vore meir problem med desse fartøya enn med andre nye som ikkje har vore i kommersiell drift før, seier Sven Ove Retland i CHC Helikopter Service.

Ketil Karlsen kan stadfesta dette.

— Før hagla det med barnesjukdommar på nye helikopter, dette er ikkje ille, seier han.

Helikopteret som naudlanda på Flesland er erstatta med ein anna type helikopter.

— Me har aldri før hatt denne type problem med våre S-92-helikopter. Dei er blant dei nyaste og er godkjende etter dei strengaste tryggleiksstandardane, påpeikar Paul Jackson i leverandøren Sikorsky.

Knut Strand