• Pasientane tapar ikkje på at tilbodet er godt i Stavanger, seier avdelingssjef Roald Baardsen på Stavanger Universitetssjukehus.

Drakampen mellom dei nevrokirurgiske miljøa i Stavanger og Bergen går fleire år tilbake. Krangelen handlar om fagleg usemje og ulik tolking av avtalar, og er til ei viss grad personavhengig, seier Roald Baardsen.

— Framleis prøver Haukeland å markere at dei ikkje ønskjer eit godt nevrokirurgisk miljø i Stavanger, seier Baardsen.

I fjor opererte kirurgane i Stavanger 25 personar med hjernesvulst.

— For oss er det fortvilt om desse inngrepa skal vere med å velte tilbodet her i sør. Skal vi kunne gje forsvarleg akutt behandling, er vi avhengige av å oppretthalde kompetansen, seier han.

— Det er lettare å fly ein frisk lege til Stavanger for å delta i kirurgisk prosedyre, enn å flytte sjuke pasientar til Bergen for å delbehandle dei der. Dette handlar om mykje meir enn eit teknisk inngrep for å fjerne svulstar. Pasientane må ha oppfølging resten av livet, dei treng kontinuitet og å ha familien rundt seg. Då er det viktig å kunne kome enkelt og raskt til for behandling.

Baardsen legg ikkje skjul på at sett frå Stavanger følest dette som ein «storebror mot lillebror»-kamp.

— Her er det enorm mobilisering for sjukehuset. Då eg jobba i Bergen, hugsar eg at vi misunte Stavanger dette engasjementet.