I eit brev datert 21. april 2006 stila til UD, skreiv dåverande LO-leiar, Gerd-Liv Valla, mellom anna:

«FNs konvensjon om sivile rettigheter slår fast at det er en menneskerett å være fri etter sonet straff. Det er også en grunnleggende menneskerett å kunne velge fritt hvor man vil bevege seg. Israel hevder å være et demokrati, men har i realiteten fratatt Mordechai Vanunu hans borgerrettigheter.»

Klar tale frå LO

Valla viste så til det samrøystes vedtaket frå LO-kongressen. Ho oppmoda UD om å legge press på israelske styresmakter for å oppheve husarresten av Vanunu.

«LO ber videre norske myndigheter stille seg positive til å gi ham politisk asyl på humanitært grunnlag, hvis han ønsker å bosette seg i Norge», avslutta Valla.

LO har ikkje fått noka tilbakemelding frå UD etter dette.

Det har derimot Norsk Folkehjelp fått etter at organisasjonen skreiv til UD om Vanunu i mars 2006.

I eit svar til Norsk Folkehjelp skriv utanriksminister Jonas Gahr Støre mellom anna:

«Det gleder meg å se det engasjementet Norsk Folkehjelp og øvrige støttespillere til Vanunu viser for hans situasjon.»

Støre skriv vidare at dei restriksjonane Vanunu er underlagd hindrar han frå å forlate Israel. Han seier at restriksjonane er fastsett av israelske styresmakter i tråd med avgjerder fatta av israelske domstolar. Han viser vidare til at Vanunu fekk avslag på formelt grunnlag då han søkte visum til Noreg i 2004.

Støre uttalar så at regjeringa vil følgje Vanunu sin situasjon nøye og understreke overfor israelske styresmakter at grunnleggjande menneskerettar må overhaldast slik at han ikkje lir overlast eller blir utsett for krenkjande behandling.

«På grunn av de restriksjoner Vanunu er underlagt, er det ut over dette lite vi fra norsk side kan gjøre for at Vanunu skal få utreise fra Israel» skriv Støre.

— Kinkig for regjeringa

— Dette har tydelegvis vore ei kinkig sak for regjeringa, seier Terje Kalheim, som arbeider i internasjonal avdeling i LO.

— Vanunu er utsett for umenneskeleg behandling som bryt han ned. Han har fått ein dom som han har sona. Det kan verke som Israel nå berre er oppteke av å statuere eksempel ved å brennmerke ein person som ein opplever som landssvikar av di han har fortald om atomvåpenplanane til Israel.

— Frå vår side må eg vel seie at det ville vore naturleg at vi hadde fått eit svar til liks med det Norsk Folkehjelp har fått. Vi veit nå ingenting om kva regjeringa har gjort etter regjeringsskiftet, seier Kalheim.

Kalheim var i Midt-Austen i februar i år og møtte då Vanunu.

UD seier seg nå lei for at ein ikkje har svara på brevet frå LO.