I innlegget gjekk lovrådgjevaren i rette med utsegner om at datalagringsdirektivet er blitt omtala som «totalitært svermeri».

Denne karakteristikken er det berre Georg Apenes som har nytta.

I innlegget sa lovrådgjevaren vidare at «antydningen om at de ansvarlige myndigheter skulle være tilhengere av totalitære regimer, eller at vi i beste fall ikke helt forstår alvoret i saken vi selv holder på med, synes vi nok imidlertid er å gå noe langt».

Lovrådgjevaren serverte berre fordelar og såg ingen ulemper ved det omstridde direktivet i innlegget som Bergens Tidende har fått tilgang til.

I Justisdepartementet får Bergens Tidende stadfesta at innlegget frå lovrådgjevaren var godkjend av den politiske leiinga i departementet.

— Skammeleg

— Etter det eg har fått opplyst av Bergens Tidende står det klart for meg at den aktuelle lovrådgjevaren har opptredd som talerøyr for justisministeren, anten friviljug eller etter pålegg. Eg synest det er skammeleg, seier Georg Apenes i ein kommentar.

— Einkvar som høyrde innlegget hennar og som har eit minimum av kjennskap til embetsverket si rolle, må ha reagert på dei sterke utsegnene som kom og som heilt openbert var mynta på Apenes, seier generalsekretæren i Norsk Presseforbund, Per Edgar Kokkvold, som deltok på seminaret i Stortinget.

Apenes stadfester at det også var slik han oppfatta det.

- Ikkje gjennomtekt

Sylvia Peters, som er leiar for juristforbundet si avdeling i Justisdepartementet, meiner at denne saka gjeld kva ein medarbeidar i eit departement skal måtte finne seg i når han eller ho gjer jobben sin.

Ho seier at medarbeidaren vart utsett for eit personåtak frå Apenes, «at ho følte seg latterleggjort» og at han samanlikna lovavdelinga med STASI (det aust-tyske tryggingspolitiet). Ho hevdar at Apenes gjekk langt over streken, men at han «sjølvsagt ikkje innser det sjølv».

Synspunkt? Diskuter saka her.