VIDAR YSTAD

I eit skriftleg svar til Venstres stortingsgruppe uttalar Storberget at «effektiv domstolskontroll bør så langt mulig sikres», men han vil ikkje binde seg.

Dermed unnlet han å svare på spørsmålet om korleis han stiller seg til framlegget frå PST-sjefen, Jørn Holme, om å avskaffe domstolkontroll i visse utlendingssaker.

Bergens Tidende har tidlegare fortald at framlegget frå Holme kom etter at han hadde hatt møte med justisminister Knut Storberget der temaet var teke opp.

Vurderingane i det politiske miljøet er at Holme aldri ville ha fremja forslaget sitt om han ikkje hadde lufta det på førehand. Det kan berre bety at Storberget ikkje har hatt innvendingar.

I svaret sitt skriv nå Storberget at det ikkje er teke stilling til om det der føremålstenleg å greie ut framlegget vidare. Han strekar under at slike spørsmål må få ei grundig behandling. Og i så fall vil forholdet til domstolkontroll og til den europeiske menneskerettskonvensjonen stå sentralt.

— Vi er ikkje nøgde med svaret frå Storberget. Her er ingen lovnader om å oppretthalde domstolkontrollen med forvaltninga, noko som for oss er svært viktig, seier Venstre-leiar, Lars Sponheim, til Bergens Tidende.

— Eg vel likevel å tru at Storberget, når han får tenkt seg om, vil kome til at domstolkontrollen må haldast oppe, seier Sponheim.

I brevet skyv Storberget Sivilombodsmannen framfor seg for å rettferdiggjere at departementet nekta innsyn i brevet med framlegget frå PST-sjefen.

Han skriv at ombodsmannen gav departementet medhald i at brevet kunne unntakast frå innsyn.

Det er ei misvisande framstilling av innhaldet i avgjerda frå ombodsmannen. Han uttala at han ikkje på rettsleg grunnlag kunne kritisere departementet. Men han var likevel usamd i vurderingane departementet hadde gjort. Det essensielle for ombodsmannen var at han ikkje kunne sjå at argumenta som talde for hemmeleghald var sterkare enn dei argumenta som talde for å gje innsyn.