Det er like før skuleslutt fredag ettermiddag, og ein blid og litt blyg unggut møter BT i snøføyka utanfor Bergen yrkesskole.

Vi søker tilflukt inne i den store verkstaden, der spesialklassen på mekanisk linje tilbringer store delar av skuletida. Dei er åtte elevar, og Mikal Hagen frå Bergen er ein av dei. Ein stor gut.

— Eg har alltid vore kraftig, aldri noka sylfide. Men i januar 2000 skreiv legen ut nokre tablettar til meg. Då gjekk eg opp 65 kilo på sju månadar.

Vart mobba

Han har ikkje klart å ned i vekt etter at han slutta med medisinen. Mikal har ikkje lyst til å seie kor mykje han veg i dag, og dessutan er det lenge sidan han var på vekta. Men mange titall kilo må vekk, skal han kome ned i ei vekt han føler han kan leve med:

ý 100 kilo. Det hadde vore greitt.

16-åringen trivest godt på yrkesskulen, men har ein del vonde minne frå grunnskulen.

— Eg er blitt litt mobba. Tragisk. Men no går det greitt. Miljøet på skulen er bra. Dei andre elevane er greie, og behandlar meg ålreit.

På skulen har han også fått kompisar som han er saman med på fritida.

— Vi gjer alt mogleg. Spelar bowling av og til. Eg har også spelt litt fotball, men det er tungt no.

Vil bli sveisar

Tre skiver til frukost, to til lunsj. Mikal seier at han et normalt, ikkje stort meir enn andre. I periodar har han gått på diett, og han trener vekter på fritida.

— Eg tar bussen til skulen, men går heim igjen. Det går greitt, det er berre bortover.

— Plagar vekta deg?

— Ja, veldig. Av og til, når eg ser på andre ungdomar, tenkjer eg at slik kunne eg også ha vore. Det har vore snakk om operasjon på Haukeland sykehus, men eg veit ikkje om eg får.

— Korleis ser du deg sjølv om ti år?

— Då er eg sikkert tynn. Og sveisar, det er det eg vil bli.

KRAFTKAR: Mikal Hagen (16) drøymer om å bli sveisar Fordi han er overvektig, går han i spesialklasse på Bergen yrkesskule.
FOTO: TOR HØVIK