TERJE ULVEDALTine har nemleg stoppa produksjonen av krem på boks. Grunnen er at kremen blir laga i Belgia. Årleg går ein million liter norsk fløyte med tankbil til eit spesialanlegg for produksjon av kremtopp i Belgia. Frå det belgiske anlegget vert bokskremen importert tilbake til Norge. Med hjelp av norsk råstoff lagar den belgiske fabrikken kremtopp med Tine-logo til norske forbrukarar. — Vi har stoppa både eksport og import av fløyte. Men for oss er dette eit marginalt produkt, så dei økonomiske konsekvensane er små, seier direktør Ole-Jakob Ingeborgrud i Tine til Bergens Tidende. Kremtopp-produksjonen er ein industri som krev svært spesialisert maskinpark. Den norske marknaden er så liten at Tine i staden for å byggje opp sitt eige anlegg, har funne det meir økonomisk å få kremen produsert ved eit stort anlegg i utlandet.- Vi sel sjølvsagt ut det vi har på lager. Men etter det er det slutt.I tillegg til å stoppe produksjonen av krem på boks, har Tine også stoppa importen av fleire utanlandske ostar. Mellom anna gjeld dette blåmuggost frå Danmark og Camembert og Brie frå Frankrike.