Så godt i gang var han at han like godt plussa på fire ekstra kilometer. Etter fjerde etappe har askøyværingen med innebygd turteljar gått tilsaman 14,7 mil, og dermed er han 2,6 mil foran skjema.

— Det var ein fin og artig tur i dag, seier askøyværingen, som aldri stoppar opp for å ta pustepausar eller matpauser. Eller tissepausar.

Heller ikkje då han passerte to grupperingar av venlegsinna kakle-høner og kykeliky-hanar på Hordvikneset måndag, vart han freista til å ta ein pust i bakken.

— Det var som om dei helste på meg, men eg tenkte med meg sjølv at her er ikkje verande, ler han. Femte etappe tysdag tek til på flaten etter fossen Bruresløret på Kvamskogen, og Norevik stoppar ikkje før han er framme i Øystese. Der er det ei markering i regi av lokallaget til Landsforeningen for Hjerte- og lungesyke, med både fallskjermhopping og politihundar på programmet. Før Norevik går nokre kilometer til.

— Det kan bli tungt i beina og psyken, og langt fram hvis du tenkjer feil. Eg går ein liten maraton kvar dag, men ingenting kan stoppe meg, seier han til BT. Noreviks går frå Askøy til Oslo for hjartesaka si. Han vil vise kor viktig det er med trening og rehabilitering etter sjukdom.

Turen er også ein protestmarsj mot forsikringsselskapa, som nektar han livsforsikring, sjølv om han er friskmeldt.