Arbeidet med ny veg mellom Os og Bergen kan ta til tidlegast i 2010. Brua mellom Stord og Tysnes og ny veg over Tysnes kjem etter 2015. Staten har ikkje pengar til nokon ting før den tid, kan vi lesa ut av Vegdirektoratet sitt framlegg til Nasjonal Transportplan for åra 2006-2015.

— Dette er ikkje kutt. Dette er rasering, seier fylkesordførar Gisle Handeland, som er både sjokkert og oppskaka over det han har sett frå Vegdirektoratet.

Dei årlege riksvegløyvingane går ned frå 285 millionar kroner no til 193 millionar i 2006-2009, og skrumpar til 147 millionar kroner i 2010-2015.

Kyststamvegen Kristiansand-Bergen får 650 millionar kroner i denne fireårsperioden, men berre vel 200 millionar i 2006-2009.

Fylkesordføraren lovar ekstra klår tale både frå fylkestinget og frå Vestlandsrådet innan Stortinget skal starta handsaminga av Nasjonal Transportplan. til vinteren. Regionvegsjef Ole Chr. Torpp opplyser til BT at bru mellom Stord og Tysnes og ny veg over Tysnes ikkje vert bygt før etter 2015. Vossapakken, med tunnel bak Voss sentrum, kjem først etter 2010.

Vedlikehald får mest

— Vegen mellom Svegatjørn og Rådal kan i beste fall byggjast etter 2010, og med eit godt bompengeopplegg kan denne vegen kanskje gjerast ferdig til 2015. Men Moberg-Svegatjørn, som har anleggsstart i år, vil gå etter planen og vera ferdig i 2005.

Eikåstunnelen på E 39 i Åsane får ikkje pengar før etter 2010. Men utbetringa i Romarheimsdalen vil vi gjera ferdig i perioden 2006 til 2009, seier regionvegsjefen.

— Faktisk er det slik at vi i perioden for Nasjonal Transportplan har meir pengar til drift og vedlikehald av vegane enn til nybygging. Når dei økonomiske rammene ikkje er større enn dette, så er eg samd i den prioriteringa, seier Ole Chr. Torpp. Men han strekar under at dokumentet som Vegdirektoratet legg fram no, er eit høyringsutkast. Kommunar og fylke skal uttala seg, og Stortinget skal til slutt ha siste ordet.

Voss må venta

— Med slike utsikter skulle det vel vera rom for private initiativ, som til dømes mellom Bergen og Stavanger?

— Det er no i gang tre prøveprosjekt med offentleg/privat samarbeid. Stortinget vil venta til vi har hausta røynsler med dette før vi eventuelt går vidare på nye prosjekt, seier Ole Chr. Torpp.

Innover i Hordaland går det og mot utsetjingar. Vossapakken, med tunnel bak Vossevangen, ny veg mot Mønshaug på Rv. 13 og ny veg i Skjervet må venta til etter 2010.

— Vi vil slåst for å få start på arbeidet frå 2006. Før ferien vil bompengepakken vera ferdig handsama politisk på Voss. Så vi trur at Stortinget kan vedta pakken neste vår. Men nye EU-krav til tryggleik har gjort prosjektet dyrare, seier Vossa-ordførar Bjørn Christensen, Ap.

Hardangerbru etter 2015

Når det gjeld Hardangerbrua på Rv. 13 har staten ikkje pengar før etter 2015, i fylgje Vegdirektoratet.

— Svært nedslåande, med tanke på alle kommunane og fylket som i tunge økonomiske tider held att pengar til å byggja brua for, seier styreleiar i Hardangerbrua AS, Magnar Lussand, til Bergens Tidende.

— Dette er ein katastrofe. No har dei litt å svara for, Høgre sine representantar på Stortinget som har uttalt seg så skråsikkert om bygging av Hardangerbrua, seier fylkestingsrepresentant Arne Jakobsen, Ap.

— Arne Jakobsen bør ikkje svartmala slik han gjer. Dette er berre eit etatsforslag. Hardangerbrua treng berre eit lite statleg bidrag, og eg trur det er realistisk å få Stortinget med på det innane 2005, seier stortingsrepresentant Torbjørn Hansen frå Høgre i Hordaland til BT.

— Det er klårt at vi ikkje kan la det stå slik Vegdirektoratet legg opp til. Det vil vera å gå baklengs inn i framtida. Vi kan ikkje la utviklinga på Vestlandet stoppa heilt opp, seier Hansens partikollega, Øyvind Halleraker.