Dette kom fram då underdirektør Jan Kristen Kristensen i Moderniseringsdepartementet forklarte seg som vitne i Oslo tingrett i går. Han er ein av to partsrepresentantar for staten i saka statspensjonistane har reist mot staten.

Instruksen framgjekk av forhandlingsfullmakta som statsministeren gav personaldirektøren i staten under tarifforhandlingane våren 2000.

Forhandlingsinstruksen fastsette at den nye og meir lukrative pensjonsordninga, berre skulle gjelde for dei som vart pensjonerte etter 1. mai 2000. Dei som alt var pensjonert, skulle ikkje nyte godt av endringa.

Flammande innlegg

I går heldt tidlegare ambassadør Eivinn Berg eit flammande innlegg i retten. Han forklarte at pensjonistane gjennom år har freista å kome til ei minneleg ordning med staten. Han fortalde i detalj om korleis dei parlamentariske leiarane Jon Lilletun (KrF) og Oddvard Nilsen (H) og visepresident Inge Lønning (H) har arbeidd for å få til ei løysing til beste for pensjonistane.

Men hausten 2003 måtte pensjonistane resignere og valde då å gå til retten etter at dei hadde møtt veggen etter fleire månaders forhandlingar med dåverande statsråd., Victor Norman.

Ifølgje både Berg og hovudtalsmannen, professor dr. med. Dagfinn Aarskog frå Bergen, fekk dei aldri høyre eitt ord om at nyordninga var innførd av rekrutteringsomsyn. Derimot har dei høyrt mykje om at staten ikkje kunne imøtekome eit krav om at ordninga skulle få tilbakeverkande kraft for eksisterande pensjonar.

— Med det har vi aldri kravd, Vi har berre kravd å få tre inn i ordninga frå det tidspunktet staten måtte finne akseptabelt, forklarte Berg.

Berg meinte for sin del at det ville ha stor positiv effekt for staten sin rekrutteringspolitikk om staten fylgde ei line overfor pensjonistane som framtidige pensjonistar kunne ha tillit til.

Motstridande Kosmo

Stortingspresident Jørgen Hårek Kosmo stod knallhardt på at den nye meir lukrative pensjonsordninga vart innførd eine og aleine for å trygge rekrutteringa av dyktige leiarar til staten. Han gjentok dette gong på gong då han forklarte seg som vitne i går. Kosmo var ansvarleg statsråd då saka vart fremja av Regjeringa og behandla av Stortinget.

Han hevda at det ikkje var noko tema å la dei som allereie var pensjonerte, nyte godt av nyordninga.

Kosmo hevda at endringa ikkje var nokon pensjonsreform. Han sa samstundes at han ikkje kjende til at pensjonane er blitt endra i mange tidlegere tarifforhandlingar. Han sa også at han ikkje visste at pensjonistane ved tidlegare endringar i pensjonsvilkåra, alltid har fått nyte godt av betringane og fått same vilkår som framtidige pensjonistar.

Etter dette vart han konfrontert med kva han skreiv i lovproposisjonen til Odelstinget som han fremja i juni 2000. Her stod det at «tidligere vurderinger av knekkpunktet er også gjort gjeldende for løpende pensjoner».

Advokat Erik Keiserud som prosederer saka for pensjonistane, meiner at formuleringa i proposisjonen står i motstrid med kva Kosmo forklarte som vitne i retten.

Keiserud hevdar også at opplysningane i stortingsdokumentet frå Kosmo var mangelfulle eller misvisande.

- Burde informert

Saksøkarane har også hevda at staten braut sitt eige regelverk ved ikkje å la dei som hadde interesser i saka, pensjonistane få uttale seg.

I går vedgjekk staten sin representant, underdirektør Kristensen, at dei burde ha fått uttale seg.

— Men vi hadde dårleg tid, og fann ut at det ikkje var naudsynt å la dei få uttale seg. Ideelt sett burde dei ha fått uttale seg.

Heller ikkje Pensjonistforbundet vart orientert, og dei protesterte heftig etter at dei fekk kjennskap til saka. Dei meinte å kunne krevje informasjon på bakgrunn av ein avtale dei har med Regjeringa.

Det er nå opp til retten å vurdere om desse forholda skal tilleggast vekt i samband med behandlinga av pensjonssaka i Regjeringa og Stortinget våren 2000.