Staten leid i oktober nederlag i saka som statspensjonistane hadde reist med krav om likebehandling av alle statspensjonistar. Oslo tingrett dømde staten til å gje også dei som var pensjonert før 1. mai 2000 same pensjonsvilkår som dei som vart pensjonert etter denne datoen.

Etter avgjerd i Regjeringa, har nå staten anka denne dommen til Borgarting lagmannsrett. Samstundes sendte regjeringsadvokaten prosessskriv til Høgsterett med krav om at anken blir sleppt direkte inn for Høgsterett.

— Ynkeleg av staten

— Det er veldig skuffande og uforståeleg at staten ankar denne dommen. Det skjer etter at staten i meir enn fem år trenerte saka med halvkveda politiske lovnader om å finne ei minneleg ordning.

Det seier professor Dagfinn Arskog i Bergen til Bergens Tidende. Han er leiar for gruppa av embetsmenn som gjekk til sak mot staten.

Vel 250 tidlegare toppembetsmenn står bak saksanlegget. Fleire av dei har vore leiande politikarar for Ap, som statsrådar, statssekretærar eller stortingsrepresentantar og seinare embetsmenn.

Aarskog seier at staten i prosessskriv har opplyst at staten ville godta ein dom frå Trygderetten dersom pensjonistane gjekk med på at saka vart behandla der.

— Eg meiner det er ynkeleg at staten nå vil anke, berre av di saka vart avgjort av tingretten og ikkje av Trygderetten.

Til Høgsterett

Regjeringsadvokaten argumenterer med at saka gjeld eit reint lovtolkingsspørsmål. Difor ønskjer staten at saka skal sleppe direkte inn for Høgsterett. Advokaten viser også til at svært mange av dei saka gjeld, har ein slik alder at det er ynskjeleg med ei rask avklaring. Dessutan er det viktig av omsyn til arbeidet i Statens Pensjonskasse som må rekne ut kor store etterbetalingar det er snakk om.

Det er yttarst sjeldan at Høgsterett slepp inn saker på denne måten.

Pensjonskassa har rekna ut at dei pensjonistane saka gjeld, vil ha til gode 660 millionar kroner frå årsskiftet 2005/2006. I tillegg kjem eventuelle utbetalingar til dødsbu.

- Feil lovtolking

— Vi meiner tingretten har tolka lova feil. Sjølve saka gjeld ikkje eit pensjonsoppgjer, men eit lønsoppgjer. Partane i lønsoppgjeret var samde om at reguleringa av pensjonen berre skulle gjelde for framtidige pensjonistar, seier fornyingsminister Heidi Grande Røys (SV) til Bergens Tidende.

Statsråden legg til at å la vere å anke dommen ville vere det same som å akseptere at saksbehandlinga i denne saka har vore feil, slik tingretten kom til.

— Men kunne ikkje Regjeringa vore så raus å gje også dei som alt var pensjonistar dei same vilkåra som nye pensjonistar?

- Vil koste dyrt

— Det ville ha kosta oss om lag ein milliard kroner i eingongsutbetaling pluss 117 millionar i nye årlege utlegg. Dessutan ville dette få konsekvensar i KS-området, for kommunane, seier Røys.

— Samstundes har eg ingen problem med å forstå at dei som ikkje får nyte godt av dei nye pensjonsvilkåra, synest det er urimeleg. Men eg må då legge til at ingen pensjonistar har mista noko, og ingen har kunna rekne med at dei ville få høgare pensjonsytingar. Omlegginga skjedde dels av rekrutteringsomsyn, dels for å halde på tilsette, seier statsråden.

Advokat Erik Keiserud som prosederer saka for pensjonistane, seier til Bergens Tidende at han er overraska over dei tala staten nå legg på bordet om kostnader.

- UVERDIG: - Dette er uverdig av staten, meiner professor Dagfinn Aarskog i Bergen. Han er fortørna over at staten ankar dommen etter at staten tapte i Oslo tingrett.

¿ UVERDIG: ¿ Dette er uverdig av staten, meiner professor Dagfinn Aarskog i Bergen. Han er fortørna over at statenankar dommen etter at staten tapte i Oslo tingrett. ARKIV
RUNE SÆVIG