— Det er gøy å gjera noko som sit djupt inne i ein, seier Yvonne og dreg eit par breie strilefraser for oss. Både ho og makkeren, stordajenta Katrine, er stolte av dialekten sin.

Til dagleg snakkar Yvonne som har vakse opp på Lille Sotra, det ho kan kalla eit lett urbanisert strilemål, ein litt uoversiktleg blanding mellom bergensk og Sotra-dialekt.

Makkeren Katrine meiner ho har lukkast godt med å halda på Stord-dialekten sin, trass i for lange opphald på andre kantar av landet, utanlands og med skotsk ektemann.

— I periodar har eg nok snakka mykje meir bymål enn eg gjer no, fortel Yvonne.

Invadert av bergensarar

Ein skulle vera litt sta på Lille Sotra i 70-åra då Lille Sotra vart «invadert» av bergenske innflyttarar om det ikkje sneik seg inn nokre bergenske uttrykk.

— Mamma passa på og retta opp. Verst var det då ho oppdaga at eg skarra på r-ane. Det syntest ho var ille, fortel ho.

— Verst vart det då eg begynte på Laksevåg Gymnas. Då slo eg om og vart meir eller mindre bergensar. Eg veit ikkje kvifor. På ein måte kom det heilt av seg sjølv, seier Yvonne og held fram:

— Eg plar å orsaka meg med at eg er så musikalsk. Det vert sagt at musikalske menneske har svært lett for språk. Det kan vera difor at eg automatisk slo om til bergensdialekt.

— Eg har forresten teke etter mange dialektar, eg, seier ho og minnest den gongen ho kom heim til Lille Sotra etter å ha budd i Stavanger nokre månader.

— Då hadde eg begynt å syngja som eg skulle vera siddis. Du kan tru eg fekk høyra det av mamma, seier ho og hermer nokre strofer frå Stavanger,

Ingen merknader

— Vi på Stord hadde det nok lettare, meiner Katrine. Øya vart ikkje overstrøymd av bergensarar som snakka bydialekt.

ý Eg har snakka Stord-dialekt heile livet mitt og kan ikkje hugsa at nokon har hatt merknader til dialekten min, seier ho.

Begge skriv og har alltid skrive nynorsk.

— Sjølv på Laksevåg Gymnas, der eg gjekk i bokmålsklasse, heldt eg på nynorsk som hovudmål. Det er eg stolt av, seier Yvonne. Ingen av jentene har nokon gong kjend seg mobba på grunn av dialekten sin.

— Det kunne ein nok oppleva i 50- og 60-åra då foreldra våre var unge. No er det akseptert sjølv mellom urbanistar å snakka striledialekt, seier dei to artistane.

Jentene i Ally McStril, Yvonne Algrøy og Katrine Lunde MacKenzie, har aldri kjent seg mobba på grunn av dialekten Blomebukettane strøymde på, dagen etter premiere på Ricks.
FOTO: HELGE SKODVIN