Tenk deg fem Grieghallar fylt opp med mat frå heile verda. Gylne drykker og hemmelege lukter og tusen rettar. Smake, smake. Slik er Grüne Woche i Berlin. Ei maurtue av fargar og folk frå heile verda. Samla for å sjå og lukte og kjøpe og selge mat.

— I dag svulmar eg av stoltheit, seier landbruksminister Lars Sponheim.

Han har nemleg smaka på Hardinglam, ei ny merkevare frå Fykse i Kvam. Saman med gamalost frå Vik, brunost med flatbrød, fire fiskeslag og ein grønsakdisk med squash og chili og poteter, er det lamma frå Hardanger som representerer Norge på Grüne Woche.

Lamma har feita seg opp i prisløna kulturlandskap og i fjella rundt Fyksesundet. Dei mest kjøtrike vert plukka ut til slakteriet i Granvin og foredling på Evanger. Så får dei stempelet «Hardinglam».

— Vi ønskte å bli flinkare til å følgje vara frå A til Å. Vi må prøve å ta tilbake litt yrkesstoltheit og kremmarånd, seier Arne Fykse i Hardinglam Ans.

– Det ville vere for gale om ikkje det fins folk i Europa som er villige til å betale for denne kvaliteten. Eg trur det er rom for nisjer som dette, men her må vi bli meir offensive, seier Sponheim.