— Eg har lyst til å halde fram, men eg kjem ikkje til å stille meg i vegen for konstruktive løysingar, seier Kristensen Solås.

— Du er med andre ord villig til å stille din plass til disposisjon?

— Dersom det er til det beste for selskapet, ja. Men som øvste tilsette leiar har også eg krav på eit vern. Skal eg trekkje meg tilbake, må det skje på ein ordentleg måte i forhold til arbeidsmiljøvernlova.

Til Bergens Tidende seier Kristensen Solås at det første som må skje er at det blir rydda opp i styrande organ i selskapet. Ho meiner starten på det må skje kommande tysdag.

— Når dette er fullført, vil eg ta ein diskusjon med den nye leiinga som er valt. Det er heilt naturleg at spørsmålet om eg skal halde fram, då må drøftast.

Dolka i ryggen

Snart to år etter at Kristensen Solås blei tilsett med mandat om å rydde opp i Redningsselskapet, går bølgjene høgare enn nokon gong. Tysdag er det styremøte. Per dags dato er det mest sannsynleg utfallet at president Magnus Stangeland ikkje får den tilliten har etter eige utsegn vil be styre om. Mykje tyder på at styremøtet vil avgjere å kalle inn til ekstraordinært landsmøte.

I oktober blei selskapet meldt til politiet. I iveren etter å skaffe bevis mot illojale tilsette, las leiinga i selskapet e-post til tilsette.

— Ulovleg innsamling av bevis, meiner tilsynet.

Sjølv er Kristensen Solås suspendert frå stillinga. Like sidan sist helg har ho hevda å ha dokumentasjon som skal tilbakevise opplysningar om at overvakinga av tilsette har hatt langt større omfang enn tidlegare kjent. Det var mellom anna informasjon om at også privat e-post var gjennomgått, som gjorde at sentralstyret sist laurdag suspenderte ho frå stillinga. Kristensen Solås legg ikkje skjul på at ho kjenner seg dolka i ryggen.

— I staden for å kalle inn til ein pressekonferanse laurdag ettermiddag, kvifor kunne dei ikkje sett seg ned saman med meg og tatt ein samtale under ordna forhold? Det verkar som eg skal pressast ut for kvar pris.

- Ta tak i ukulturen!

— Det har heile tida vore sagt at du fekk eit mandat om å rydde opp då du tok til som generalsekretær. Kor konkret var dette mandatet, Kristensen Solås?

— Eg fekk presentert klare tankar om kva som skapte vanskane i selskapet. På nokre felt var manglande rutinar eit problem. Eksempelvis hadde ikkje selskapet brevarkiv. På det økonomiske området var det gode rutinar. Problemet var at dei ikkje blei følgde. Signalet eg fekk var at pengar blei brukt på feil måte. Folk hadde tatt seg til rette.

— Var det også snakk om at namngjevne personar representerte eit problem?

— Det var snakk om både personar og funksjonar. Eg skulle ta tak i ein ukultur og få den til å forsvinne.

Monica Kristensen Solås vil ikkje vere konkret på kven det var som signaliserte kva og kven ho burde gripe fatt i:

— Dette var signal som kom frå fleire hald i styrande organ i selskapet. Eigentleg la eg vel ikkje så mykje vekt på denne informasjonen.