Åsane gamle kirke, fredag kveld: Ein mann sit tilbakelent i kyrkjebenken. Med attlatne auger og halvope munn ser han ut til å stenge omverda fullstendig ute, å vere heilt henførd av det han høyrer. Framme i koret står fire unge menneske, songarane Aasmund Kaldestad og Jorunn Torsheim og musikarane Odd Nordstoga og Øystein Fosshagen, som har gått saman om å lage julekonserten «La det klinge».

Raske sjangerskifte

Utan noko høgtidleg innleiing lyder straks Torsheims klare røyst på «Det hev ei rose sprunge», berre følgt av Fosshagens spinkle fiolin. Så er det raskt sjangerskifte: «No æ det joli au», syng Odd Nordstoga, medan han slår takten med foten, og får folk til både å le og å sleppe laus applausen. Publikum heldt fram med å klappe, meir og meir etter kvart som utøvarane elegant vekslar mellom sakrale julesongar, lystige folkeviser og velkjende juletonar frå andre land: «O helga natt». «O Sanctissima». «Corpus Christi Carol». Aasmund Kaldestad syng «Ave Maria» heilt utan det vanlege orgelakkompagnementet, derimot trekkspel og gitar.

Men også tilhøyrarane får vere med: I programmet står teksten til «Det lyser i stille grender» og «Høyr kor englar syng frå sky». På den velkjende julesongen til Jakob Sande er det få som kikkar på teksten, på den andre må mest alle ty til programmet. Og etter konserten, som blir avslutta med trampeklapp, fortel Jorunn Torsheim at ho først under arbeidet med konserten oppdaga kor dårleg ho kunne mange av julesongane, også dei gamle, nynorske ho hadde spesielt lyst til å dra fram.

Ikkje pompøs

— Vi tenkjer ikkje over innhaldet i det vi syng. Uansett korleis ein står religiøst er juleevangeliet ei fantastisk, fascinerande historie – den aude enga, barnet i krybba, seier Torsheim, som i fjor fekk ideen til ein stille julekonsert, ein som stod i pakt med den stille julenatta.

— Jula er så støyande og stressande. Eg vil ikkje rakke ned på andre julekonsertar, men dei kan vere voldsomme i uttrykket. Eg vil ikkje ha ei pompøs, men ei enkel jul, seier Torsheim. Ho tok kontakt med kjenningen Aasmund Kaldestad frå Stord, som kjende Odd Nordstoga, som igjen kjende Øystein Fosshagen.

— Odd kjem frå eit folkemusikkmiljø og kan kveda, og det løyser opp å ikkje berre ha klassisk song på programmet, meiner Torsheim.

500 billettar i Oslo

Etter to konsertar i Bergen skal firkløveret i morgon halde to konsertar i Jakobskirken i Oslo, der det til no er seld over 500 billettar. Men i Åsane gamle kirke var det godt med plass - her kom det berre 40. Torsheim trur dei to konsertane deira i Bergen har drukna litt i mengda av julekonsertar før jul: - I Skjold kirke hadde dei hatt fire julekonsertar før vår. Øystein Fosshagen trur svaret er at folk ikkje har visst kor annleis «La det klinge» var: - Elles ville det vore kø frå IKEA og hit, flirer han.

ENKELT OG VAKKERT: Song. Gitar. Trekkspel. Fiolin. Og litt klokkespel. Odd Nordstoga, Aasmund Kaldestad, Jorunn Torsheim og Øystein Fosshagen heldt julekonsert utan store fakter fredag kveld.
FOTO: ODDLEIV APNESETH