I går kunne Bergens Tidende avsløre at SV på vegner av dei raud-grøne har gått til Venstre for å finne ei løysing på homostriden mellom dei tre partane, Ap, Sp og SV.

Siktemålet var då å få ein avtale med Venstre for å løfte denne problemsaka vekk frå regjeringsforhandlingane. Senterpartiet slår fast at det er heilt uaktuelt å gå inn for ei kjønnsnøytral ekteskapslovgjeving. Opplegget frå Ap og SV ville tvinge kyrkjesamfunn til å vie homofile par.

Venstre har kontant avvist innspelet frå SV og partnarane. Venstre vil ikkje «hjelpe» dei tre partia. Dessutan er Venstre imot SV og Ap sin modell.

Eit særsyn

I det politiske miljøet blir utspelet frå regjeringsforhandlarane møtt med undring. Fleire politikarar og politiske observatørar Bergens Tidende har vore i kontakt med, meiner det som her har skjedd må vere noko av eit særsyn.

— Eg kjenner ikkje til at noko liknande har skjedd under slike forhandlingar, seier til dømes Odvar Nordli til Bergens Tidende. Han var statsminister 1976-81.

— Mi personlege oppfatning av sjølve saka, er at ein ikkje må presse den partipolitiske utviklinga i ei sak av ein slik karakter. I dei seinare åra har vi sett ei positiv utvikling i toleranse og aksept av andre menneske sin natur. Eg er redd press i ei slik sak kan vere til direkte skade for denne positive utviklinga.

- Gale

— Eg meiner det vil vere uheldig om ei slik sak skal kunne setje heile eksistensen av ei ny regjering på spel. Den nye regjeringa har så mange viktige oppgåver å ta seg av. Å setje denne saka på spissen og utfordre regjeringsdanninga må vere gale, seier Nordli.

Sp-veteranen, Johan J. Jakobsen, seier til Bergens Tidende at SV og Ap får gjere kva dei vil i den saka. Senterpartiet har klargjort at deira representantar står fritt og at det er uaktuelt å binde seg.

— Eg trudde ikkje det var naudsynt å ta opp denne saka i regjeringsforhandlingane i det heile. Dette må kunne skje heilt uavhengig av Soria Moria-forhandlingane, seier Jakobsen.

— Eg er litt overgitt over denne måten å drive regjeringsforhandlingar på. Dersom det er dette dei meiner med ny kurs, trur eg vi skal få sjå mykje rart i tida framover, seier stortingsrepresentant Ingebrigt Sørfonn, KrF, til Bergens Tidende.