VIDAR YSTADvidar.ystad@bt.noOslo Stortingsrepresentant og jusprofessor Fritdjof Frank Gundersen vurderer nå å forfylgje saka overfor Kosmo i Stortinget. Adminstrasjonsdepartementet instruerte Konkurransetilsynet om å utsetje svarfristen på ei rad spørsmål tilsynet har stilt oljeselskapa. I fjor sommer uttalte fleire oljeselskap seg kritisk til ein fusjon mellom Kværner og Aker Maritim. — Må vere uavhengig Høgre-leiar Jan Petersen seier til BT at det er svært viktig at Konkurransetilsynet er politisk uavhengig.- Denne saka understrekar dette poenget. Behandling av slike saker i Konkurransetilsynet er noko politikarar bør halde seg langt unna og ikkje gripe inn i, seier Petersen. Laurdag kunne Bergens Tidende avsløre at administrasjonsminister Kosmo har instruert Konkurransetilsynet om behandlingsmåten i Kværner/Aker-saka. Kosmo og Knudsen Tilsynet fekk pålegg om å utsetje høyringsfristen når det gjeld vurdering av konsekvensane av ein fusjon mellom dei to selskapa. Kosmo kravde at høyringsfristen vart utsett til etter generalforsamlinga i Kværner.Til Aftenposten uttalte Kosmo måndag at det var hans eige initiativ å pålegge Konkurransetilsynet å utsetje høyringsfristen.Realiteten er at Kosmo sitt departement ikkje hadde kjennskap til saka, før ein vart kontakta utanfrå. Opplysningar Bergens Tidende nå har fått, indikerer at initiativet til utsetjing av høyringsfristen må ha kome frå Aker Maritime. Det er då nærliggande å tru at selskapet har gått vegen om Næringsdepartementet og nytta kontaktane sine der for å påverke Administrasjonsdepartementet. Statsrådane Grete Knudsen og Jørgen Kosmo var i går ikkje tilgjengelege for Bergens Tidende. "Svært ugrei" Gundersen som er spesialist på konkurranserett, reagerer sterkt mot dette inngrepet.- Framgangsmåten er svært ugrei. I konkurransesaker er departementet ein slags overinstans - dessverre, vil eg gjerne seie. Men det inneber at den innverknad departementet skal ha, må skje etter at Konkurransetilsynet er ferdig med si behandling av saka. Og berre då.- Men dette gjeld saksbehandlinga, ikkje standpunktet?- Det spelar inga rolle. Konkurransetilsynet må kunne velje den saksbehandlinga dei meiner er rett. Det er særs betenkeleg om departementet indirekte innverkar på standpunkt og konklusjonar gjennom inngrep under saksbehandlinga. "Undergrave tilliten" - Alt i utgangspunktet er det ein veldig infløkt situasjon med samanblanding av roller som kan gjere Konkurransetilsynet til ein politisk reidskap og medverke til å undergrave tilliten til Konkurransetilsynet endå meir. Det er ille nok at eit politisk organ er ankeinstans i spørsmål som eigentleg er rettslege, seier Gundersen.- Eg vil nå vurdere å forfylgje saka gjennom spørsmål til Kosmo i Stortinget, seier Gundersen. fakta/fusjonsforslaget* Hoveddelen av olje- og gassvirksomheten i Aker Maritime og Kværner slås sammen. Kværners engineering- og construction-virksomhet videreføres og blir det andre hovedområdet i det nye fusjonerte selskapet.* Fusjonen gjennomføres ved at olje- og gassvirksomhetene i Aker Maritime overføres til Kværner mot oppgjør i nye preferanseaksjer uten stemmerett og et kontantbeløp.* Et slikt fremtidig fusjonert Kværner-Aker vil få en omsetning på 41 milliarder kroner og et driftsresultat på to milliarder kroner. * Skipsverftene Aker Yards og Kværner slås sammen, og man får et norskbasert skipsverftskonsern med høyt spesialiserte bedrifter i Norge, Finland, Tyskland og USA.* Det nye skipsverftskonsernet skal være eid av Aker RGI og Kværner - med Aker RGI som største aksjonær. * Skipsverftskonsernet blir en ledende verftsgruppering i Europa med 12.000 ansatte og en årlig omsetning på 15-17 milliarder kroner.* Pulp & Paper og rakettoppskytingsplattformen "Sea Launche" skal legges inn i et selskap.