Pressetenesta i Hæren laga også ei sak som omfatta intervju med Lars J. Sølvberg og utdrag frå e-posten. Saka vart lagt ut under Forsvarsnett på internett, under tittelen «Sølvberg går av — med rak rygg».

«Historisk» sparking

I artikkelen stod det mellom anna at «det er historisk at en generalinspektør i realiteten avsettes med henvisning til budsjettansvar, slik FSJ (forsvarssjefen), med støtte fra forsvarsministeren, har gått inn for - samtidig som de overordnede selv blir sittende. Og ennå er ikke siste ord om Forsvarets regnskap sagt.»

Saka vart lagt ut fredag, men alt fredag kveld vart heile saka fjerna igjen frå Forsvarsnett.

- Ikkje ynskjeleg

— Avgjerda om å fjerne denne saka er mi. Eg er ansvarleg redaktør for Forsvarsnett og hadde ikkje lese saka før ho vart lagt ut på nettet. Artikkelen omtalar ein del forhold som det ikkje var ynskeleg å brette ut, seier brigader Geir Anda til Bergens Tidende. Han er pressetalsmann for forsvarsstaben.

Anda insisterer på at avgjerda om å fjerne artikkelen, skjedde utan innspel eller krav frå forsvarssjefen eller andre. Men at den nye forsvarssjefen, Sverre Diesen, i ettertid har sagt seg einig i avgjerda.

— Vi er heilt samde i det Sølvberg gjev uttrykk for. Kritikken råkar ikkje berre Sigurd Frisvold. Den råkar også forsvarsminister Kristin Krohn Devold, seier leiaren i Befalets Fellesorganisasjon, Didrik Coucheron, til Bergens Tidende.

Knallhard kritikk

«Forsvaret har liten tradisjon for, og åpenbart enda mindre kompetanse på, å kvitte seg med toppledere. Jeg håper og tror Forsvaret vil lære av prosessen de seneste uker. Den oppleves ikke å ha vært spesielt renhårig og ryddig», uttala Sølvberg i artikkelen som vart fjerna.

Og i eit avsnitt frå e-posten, som var attgjeve i artikkelen, heitte det mellom anna:

«Et avgjørende område hvor vi i Hæren har lykkes, der forsvarsledelsen for øvrig synes å ha snublet, er forholdet til organisasjonene......Tilliten fra grasrota og til den øverste ledelse i Forsvaret kan synes å ha blitt tynnslitt. Det er en formidabel oppgave for den nye forsvarssjefen å reparere dette helt avgjørende forholdet; å gjenopprette tiltroen til toppledelsens måte å utøve godt lederskap på - i den tradisjon vi offiserer alle er oppdratt i, bl.a. ved å ta vare på våre soldater.»

Avslutte

Anda grunngjev avgjerda si med at han meiner artikkelen «var ein ny runde omkring Sølvberg. Vi var samde om at vi skulle slutte diskusjonen om kven som hadde rett og kven som hadde urett.»

Anda hevdar det var ein avtale mellom Sølvberg og tidlegare forsvarssjef Sigurd Frisvold, om at ein nå skulle legge saka bak seg.

— Vi har hatt mykje slit og uro med denne saka og vil nå kome vidare, seier Anda.

- Toler ikkje kritikk

Frp-formann Carl I. Hagen reagerer kvasst mot det som har skjedd i denne saka. Til Bergens Tidende seier han:

— Det som her har skjedd føyer seg inn i ei line der forsvarsminister og forsvarsleiing ikkje toler kritikk og eigentleg saboterer den utvidinga av ytringsfridomen som Stortinget nyleg har gjort vedtak om.

— Det er openbert at dei nå vil kvele debatten. Vi i Frp har ingen tillit til forsvarsministeren, men etter at Ap, SV og Sp røysta mot mistillitsframlegget vårt og dermed gav statsråden tillit, er eg redd statsråden vil «ture fram» som ho vil. Eg reknar med at det berre vil bli verre. Så stakkars dei i Forsvaret som har avvikande syn i ulike spørsmål, seier Hagen.

Sølvberg sjølv ønskjer ikkje å kommentere saka.