Dette går fram av ei innstilling frå Kontroll— og konstitusjonskomiteen på Stortinget. Regjeringspartia har fått støtte frå Ap i å stenge for innsynet i saker Riksrevisjonen arbeider med.

I mange år har presse og publikum hatt rett til innsyn i dei sakene Riksrevisjonen tek opp med forvaltninga. Når Riksrevisjonen stiller spørsmål og når forvaltninga svarar, har dokumenta i prinsipp vore offentlege i forvaltninga. Dette vil fleirtalet på Stortinget nå ha slutt på.

Dermed har riksrevisor Bjarne Mørk Eidem fått viljen sin i ei sak han har ivra for gjennom fleire år. Han har vore oppteken av å stenge for innsyn inntil sakene er ferdigbehandla og oversendt til Stortinget.

Berre SV og Frp går imot tilstramminga. Dei to partia vil oppretthalde ordninga slik den er i dag.

— Dette er å skru klokka mange hakk tilbake, seier generalsekretær Nils E. Øy i Norsk Redaktørforening til Bergens Tidende. Han var medlem av utvalet som nyleg la fram utgreiing om ny offentleglov.

Øy meiner framlegget er sterkt betenkeleg i sin konsekvens og at saksbehandlinga er uhøyrt. Han reagerer kvasst mot at presseorganisasjonane ikkje er blitt invitert til å uttale seg om framlegget.

Innstillinga frå komiteen vart avgjeven torsdag og saka skal opp i Odelstinget torsdag.

Bjørn Treider, som i mange år var ekspedisjonssjef i Riksrevisjonen, er sterkt kritisk til å stramme inn dagens innsynsreglar.

— I andre land, som har kome mykje lengre enn oss i forvaltningsrevisjon, spesielt USA, vart det slege fast som prinsipp at det skulle informerast offentleg om at det var opna ei sak 24 timar etter at det var opna sak, seier Treider til Bergens Tidende. På den måten sikra ein seg mot at saka drukna i byråkratiet. Det var viktig med innsyn, legg han til.

— I enkelte saker kan det nok skje at medieomtale på eit tidleg stadium av saka seinare kan vise seg å ha vore «storm i vassglass» ved at det ikkje blir noko av saka. Men i dei aller fleste tilfella er det langt frå slik. Svært ofte vil det tvert om vere ein fordel med medieomtale. Det kan føre til at Riksrevisjonen får tips som kan vere verdifulle om saker som er under arbeid, seier Treider.