— Eg hadde jo tenkt på det før, men då eg fekk kyrkjekortet i posten, kom eg på at eg faktisk ikkje hadde meld meg ut av statskyrkja. Det vart ei påminning, seier Hogne Skistad Nordvik.

32-åringen var i si tid borgarleg konfirmant og fann etter kvart ut at det ikkje var meining i å vere medlem i noko han ikkje står for. Det tok berre litt tid før han fekk ordna utmeldingsskjema. No ligg det klart til å fyllast ut.

Sjølv om han no er på veg ut av kyrkja, gjorde han ikkje som fleirtalet. Han stemte faktisk ved kyrkjevalet.

— Eg tenkte at når eg likevel framleis er medlem, så vil eg vere med og bestemme. Så eg stemte på dei som var yngst og hadde skrive noko fornuftig om seg sjølve.