VIDAR YSTAD

Oslo

— Eg har heile tida teke atterhald om at eg ville vurdere situasjonen etter at dei innleiande rundane i nominasjonsprosessen var gjennomførd. Eg har vore med lenge og kan sjå at det kan vere ønskje om utskifting og fornying, seier Steensnæs til Bergens Tidende.

I dette ligg det ein klar opning for at Steensnæs kan kome til å takke nei til nominasjonen. I juni måtte han som kjent også forlate Regjeringa for at Bondevik skulle kunne gje plass for Knut Arild Hareide.

Forvarsel

Steensnæs vil ikkje seie noko om resultata av prosessen så langt og heller ikkje gje noka vurdering. Han er 62 år og har hatt fast sete på Stortinget sidan 1993.

Steensnæs fekk eit klart forvarsel om at han kunne bli vraka då første del av nominasjonsprosessen vart gjennomførd i april. Fleire lokallag hadde då vraka Steensnæs.

Den prosessen vart gjennomførd utan at kandidatane var spurd om dei ynskte attval. Etter at resultatet låg føre, vart kandidatane bedne om å svare på om dei ynskte attval. Alle dei tre som står først på KrF-lista i Rogaland i denne stortingsperioden gav då beskjed om at dei ynskte attval, opplyser fylkessekretær Olav Eggebø Aanonsen, til Bergens Tidende.

Partiet er nå i innspurten med andre runde av nominasjonsprosessen der lokallaga er bedne om å halde medlemsmøte for å votere fram eit resultat. Laga har frist til i neste veke.

Aanonsen nektar plent å seie noko om resultata korkje frå første eller andre runde. Det hjelper ikkje at vi argumenterer med at Hordaland Kr.F. har hatt ein heilt annan open praksis om nominasjonsprosessen.

Det er kjend at Karmøy, Tysvær og Hå går inn for å kaste Steensnæs, medan Stavanger onsdag gjekk inn for å halde på Steensnæs.

Mobilisering

Aanonsen seier det har skjedd endringar i innstillinga frå fleire lokallag frå første til andre runde.

Han stadfester at temaet då har vore «for eller mot Steensnæs». Han opplyser også at utfalla kan vere resultat av mobilisering av medlemer for eller mot Steeensnæs.

Fleire kjelder hevdar overfor Bergens Tidende at den betente Medhaug-saka framleis spelar sterkt inn i Rogalands-partiet.

Fylkessekretæren seier at han «ikkje trur at Medhaug-saka har slege stort inn». Men sikker er han ikkje. Han viser då til at denne saka ikkje har gjort utslag i oppslutnaden om 2.kandidaten, Bjørg Tørresdal, som til liks med Steensnæs identifiserte sterkt med tidlegare partileiar Valgerd Svarstad Haugland si handtering av saka.