Stortingspolitikaren seier han rett og slett er provosert over framlegget frå regjeringa om å kutte løyvinga til Røde Kors United World College (UWC). Ikkje minst irriterer han seg kraftig over statssekretær Bjørn Haugstad (H), som til bt.no i går sa at «skolen er sikkert viktig for ildsjelene som står bak, men den er ikke viktig nok for landet».

— Har han verkeleg sagt dette, så er det noko av det styggaste eg har høyrt på lenge. Eg er ikkje den som er mest glad i private skular. Men akkurat denne er ein av dei få eg er villig til å slåss for, fordi den gjev underpriviligerte ein sjanse til å få ei god utdanning, seier Reikvam.

Avtalebrot

Det internasjonale verdsgymnaset i Fjaler blei starta tidleg på 90-talet. Då blei 150 millionar offentlege kroner investert for å få skulen i gang. Ein avtale mellom alle dei nordiske landa er basisen for drifta av skulen. Som vertsnasjon har Norge ytt mest. I år er tilskotet 21,5 millionar. Men frå neste år vil regjeringa berre ut med 12,9 millionar. Dette skal dekke drifta ut dette skuleåret. Frå august vil ikkje vertsnasjonen lenger betale.

Reikvam ba i går departementet vurdere om dei i det heile har lov til å fjerne tilskotet.

— Det ligg trass alt i botnen ein avtale mellom alle nordiske land. Ikkje berre Norge, Sverige, Finland, Danmark og Island. Også Færøyane, Grønland og Åland har skrive under. Departementet må vurdere om dei kan bryte ein slik avtale.

- Der ho fann ti mill.

SV-politikaren var alt torsdag i kontakt med undervisningsminister Kristin Clemet. Men heller ikkje leiaren i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen fekk det han oppfattar som noko god forklaring på kvifor tilskotet skal fjernast.

— Det var der dei fann ti millionar kroner. Så enkelt er det, meiner Reikvam.

Han er også kraftig irritert over at regjeringa ignorerer eit samla Storting. Så seint som i fjor ba dei departementet ta ansvaret for å samordne det nordiske samarbeidet om finansieringa.

— Svaret vi får er eit framlegg om å fjerne heile tilskotet. I praksis vil konsekvensen vere at skulen blir lagt ned. Og det er noko heilt anna enn det Stortinget ba om, seier SV-leiaren av kyrkje, utdannings- og forskingskomitéen.

Underpriviligerte

Til Bergens Tidende seier Reikvam at hans engasjement for Fjaler-skulen botnar i profilen skulen har lagt seg på. Svært mange av dei 200 studentane kjem frå fattige kår i like fattige land.

— Gjennom denne skulen får dei underpriviligerte sjanse til å få ei god utdanning. Det er ganske mange slike gymnas rundt omkring i verda, men skulen i Fjaler er så vidt eg veit den einaste som gjev eit tilbod om gratis utdanning til ungdommar som eksempelvis har vakse opp i SOS-barnebyar eller flyktningleirar. Dersom ikkje dette har betydning både for vårt land og andre, så veit ikkje eg, seier Reikvam med klar adresse til statssekretær Haugstad.

Han kritiserer også regjeringa for å føre ein politikk som ikkje har samanheng.

— Her får vi høyre at stadig meir av norske bistandsmidlar skal brukast på utdanning. Men så fjernar dei tilskotet til eit prosjekt her i landet, som nettopp har som mål å gje fattige unge frå utviklingsland utdanning.

«SKULEN BLIR LAGT NED:» - Eg er ikkje den som er mest glad i private skular. Men akkurat denne er ein av dei få eg er villig til å slåss for, seier leiar av kyrkje, utdannings- og forskingskomitéen Rolf Reikvam om forslaget om å kutte drastisk i tilskotet til verdsgymnaset i Fjaler.<br/> ARKIVFOTO: BJØRN SIGURDSØN, SCANPIX