Informasjonssjef Øyvind Østang ved Statsministerens kontor stadfester overfor Bergens Tidende at Kaldheim har søkt om og vil få avskil i nåde.

I juni bytta Ellen Seip og Karin Moe Røisland jobbar. Røisland var inntil då departementsråd i Administrasjonsdepartementet, medan Seip hadde same stillinga i Sosialdepartementet.

«Kjærleikens ferjereiser»

Kjærleiksforhold på topp-plan i eit departement kan lett skape mykje ugreie og komplikasjonar både på det formelle og det uformelle planet. Det er difor ei alminneleg oppfatning at slike forhold er uakseptable.

Kaldheim innsåg sjølv at kjærleiksforholdet til Seip skapte problem og skal etter det Bergens Tidende kjenner til ha tilbode seg å gå av.

Statsministerens kontor valde i juni i staden ei anna «løysing» ved å overflytte Seip til Administrasjonsdepartementet. Ein fann det uhaldbart at øvste embetsmannen i departementet skulle ha eit forhold til ein i den politiske leiinga.

Departementsråden i Administrasjonsdepartementet, Karin Moe Røisland, var på si side svært interessert i å kome seg vekk frå Administrasjonsdepartementet. Bakgrunnen var at det hadde skore seg i forhold til statsråd Norman.

Statsråd Norman stadfesta i juni overfor Bergens Tidende at han og Røisland var usamde i spørsmål som galdt «modernisering av departementet».

Tilbake til nullpunktet

Jobbskiftet skulle vare ut dette året. Nå er det klart at Seip går tilbake til jobben sin i Sosialdepartementet. Men Røisland skal ikkje tilbake til Norman.

Ho har søkt om og fått innvilga permisjon fram til 1. september neste år for å arbeide ved den norske EU-delegasjonen i Brussel.

Administrasjonsdepartementet arbeider nå med å finne ein kandidat som kan vikariere eller overta for Røisland.

Statsråd Norman seier til Bergens Tidende at han har innvilga permisjonen men at det er uklart kva Røisland vil gjere etter at permisjonstida på åtte månadar går ut.

Korkje Kaldheim, Seip eller Røisland har vore tilgjengelege for Bergens Tidende.