— Eg fekk eit ublidt møte med desse grupperingane etter at eg som lokalpolitikar rykka ut mot dei då dei gjennomførde ein nazimarsj i Askim, seier Rita Sletner til Bergens Tidende.

— Dei marsjerte med rasistiske og antijødiske slagord, tildekt med finlandshetter. Eg kalla dei feige, som dekte seg til.

Sletner rykka ut med oppropet «aldri meir krystallnatt» - mynta på Hitler-aksjonen mot jødane.

Kort tid etter la nynazistane ut bilete av Sletner og klare trugsmål mot henne på ei internettside dei publiserer.

— Nettsida inneheldt klare trugsmål mot meg. Dei kunngjorde at dei skulle ut og kjempe og at kampen skulle pågå frå gate til gate. Med livet som innsats. Er du villig til det, Rita Sletner? Det var veldig ubehageleg, seier ho.

Frå starten sto ho temmeleg åleine mellom politikarane. Etter kvart slutta fleire kommunar seg til. Støtte fekk ho også frå lokalavisredaktøren.

Kvart år seinare har Sletner vore primus motor i eit arrangement 9. november saman med russen i Askim og på Mysen.

9. november i år blir femte året på rad med ein slik aksjon. I år vil justisminister Odd Einar Dørum, lokalpolitikaren Leon Bodd (V) frå Oslo og riksadvokat Tor-Aksel Busch, delta med appellar.

— Det er 400 russ årleg frå dei to skulane som er med på arrangementet. Det betyr at vi i løpet av fem år har fått bevisstgjort 2000 unge som seinare skal bli foreldre. Det er uhyre viktig, seier Sletner.

— Som foreldre er vi redde for at barna våre skal bli utsett for dop og desse høgreekstreme miljøa. Difor er det viktig å mane til engasjement og drive med førebyggande tiltak. Vi må aldri bli likegyldige, seier Sletner.