Alt tydde i går kveld på at partileiar Kristin Halvorsen ikkje får valt favoritten sin, Bård Vegar Solhjell, til nestleiar i partiet. Fleirtalet støttar Ingrid Fiskaa. Det betyr i så fall eit klart nederlag for partileiaren som har satsa mykje på å få Solhjell valt. Berre massivt press dei siste timane før valet kan endre dette, ifylgje fleire kjelder.

Kor sterke kjensler som er i sving kan illustrerast ved ein episode som skjedde fredag kveld.

Djupedal i aksjon

Då gjekk kunnskapsminister Øystein Djupedal laus på ein av delegatane frå Sør-Trøndelag, Snorre Valen. Djupedal er sjølv frå Sør-Trøndelag.

Valen var med i den førebuande valkomiteen og har gått sterkt inn for Ingrid Fiskaa sitt kandidatur.

I sterke ordelag gjorde Djupedal det klart overfor Valen at dersom han ikkje nå skifta side og gjekk inn for Solhjell, skulle han sørge for at Valen sin politiske karriere ville få ein brå slutt.

Det var fleire vitne til opptrinnet, og etterpå vart også Kristin Halvorsen informert. Men saka er ikkje kjent for landsmøteutsendingane.

Episoden skjedde etter at Djupedal hadde formana utsendingar frå Sør-Trøndelag om å gå inn for Solhjell. Djupedal er sjølv tidlegare nestleiar og har hatt plass på Stortinget sidan 1993.

Måtte be om orsaking

I går var tida inne for Djupedal til å be om orsaking.

Valen stadfestar hendinga overfor Bergens Tidende. Han vil elles ikkje kommentere opptrinnet og seier at han er ferdig med saka. Han opplyser at han har snakka med Halvorsen om saka og at Djupedal har bede om orsaking.

– Eg har ikkje endra standpunkt, eg støttar Fiskaa sitt kandidatur, seier Valen.

Valen seier at han ikkje trur at Bård Vegar Solhjell vil bli valt til nestleiar.

– Eg trur det blir Ingrid Fiskaa.

Djupedal vart i går orientert om at Bergens Tidende ynskte å snakke med han om denne saka. Men han avslo å kommentera fordi «saka var avslutta».

Svært jamt

Valkomiteen la fram ei delt innstilling like før SV-landsmøtet gjekk til festmiddag i går kveld. Eit fleirtal på seks går inn for Solhjell medan fem går inn for Fiskaa.

Leiaren i valkomiteen, Henriette Westhrin som høyrer til fleirtalet, var i går kveld langt frå sikker på at Solhjell blir valt i dag.

Oppteljingar i går kveld viste, ifylgje fleire kjelder, at det er nesten daudt løp mellom Solhjell og Fiskaa.

Partileiar Kristin Halvorsen brukar å få viljen sin i slike samanhengar. Mange har teke det for gitt at ho ville nå fram også denne gongen, men det er langt frå sikkert.

To som er trygge på å bli valt er Audun Lysbakken (nestleiar) og Edle Daasvand (partisekretær). Dei er einstemmig innstilt.

Håvard Bjelland