For ein månad sidan vendte regjeringa tommelen ned for Norman sitt opplegg for omdanning av Statskonsult.

Planen hans var å fremje omdanning av Statskonsult til aksjeselskap i revidert nasjonalbudsjett i mai, for så å omdanne Statskonsult til aksjeselskap frå 1. juli. Han ville i neste omgang partere Statskonsult ved å flytte mestedelen av etaten inn i eige departement, mens ein mindre del av staben skulle bli verande i eit aksjeselskap som skulle tilby tenester i konkurranse med andre leverandørar.

Dette gjekk fram av eit regjeringsnotat som Bergens Tidende fekk tilgang til.

Men Norman fekk så sterk motbør i regjeringa at desse planane vart droppa.

Omdanning av Statskonsult er ei så viktig sak at alle departementa må trekkast inn. Difor skal departementsrådane, som er øvste embetsmann i kvart departement, koplast inn. Dessutanmåt Norman legge fram ei vurdering av dei økonomiske og personalmessige sidene ved ei omdanning. Dette skal skje i samarbeid med Finansdepartementet.

Statskonsult er leverandør av tenester og driv kurs og rådgjeving overfor sentraladministrasjonen. Ein viktig del av oppgåva har vore å halde kritisk blikk på sentralforvaltninga.

Administrasjonsdepartementet skal utarbeide fleire modellar for omdanning av Statskonsult. Dei forvaltnings— og støttefunksjonane som i dag ligg i Statskonsult skal etter desse modellane anten plasserast i departementet eller i forvaltningsorgan under departementet.

Etter at departementsrådane har behandla framlegga, skal Administrasjonsdepartementet utarbeide eit nytt framlegg som Norman skal presentere for Regjeringa i slutten av april. Siktemålet er så å innarbeide framlegget i statsbudsjettet for neste år som blir lagt fram i oktober.

Ekspedisjonssjef Finn Melbø i Administrasjonsdepartementet, som har ansvar for framdrift av denne saka, vil ikkje seie noko om korleis arbeidet går.