Fleire av selskapa opererer med lånevilkår som gjev effektiv rente på godt over 30 prosent. Det er meir enn 10 gongar meir enn det ein kan oppnå på boliglån. Det skjer i ei tid med rekordlåg styringsrente frå Noregs Bank. I effektiv rente inngår nominell rente og andre kostnader som terminkostnader og etableringsgebyr.

Desse utlåna skjer gjerne gjennom eigne dotterselskap. Fleire av selskapa operer med eigne kortselskap. DnBNOR har eit slikt opplegg. Det hadde også Sparebank En-gruppen, gjennom EnterCard AS, inntil dette selskapet i november i fjor vart selt til den svenske Föreningssparbanken. Møbelkjeda Ikea tilbyr lån til varekjøp til 18 prosents nominell rente via Ikea-kortet. Ikea tilbyr også rullerande kreditt på inntil 50.000 kroner til 21 prosents nominell rente med Ikano-kortet.

«Dyrt å vere fattig»

— Dei som tyr til slike lån er personar som ikkje får lån, anten av di dei ikkje har inntekt, eller av di dei har betalingsmerknader. Eller det kan vere personar som vil ha og får kreditt her og nå, utan saksbehandling, for å kjøpe ei vare, seier underdirektør Kjell Arne Aasgaarden i Kredittsilynet, til Bergens Tidende.

Før i tida var det noko som heitte ågerrente, det vil seie urimeleg høg rente. Alt Bibelen sette forbod mot å ta ågerrente. Forbodet fekk også gjennomslag i den sivile lovgjevinga. Men i dag er det berre Bibelen som har forbod mot ågerrente. I dag er det berre forbod mot urimeleg avtale.

Men Aasgaarden åtvarar folk mot å prøve seg i retten med påstand om urimelege lånevilkår med mindre lånekunden kan dokumentere at informasjonen frå långjevar har vore misvisande eller mangelfull.

- Skygg unna!

— Vår tilråding er: hald deg unna slike selskap som tilbyr slike dyre lån. Det er ingen grunn til å betale så mykje pengar for lån, seier direktøren i Forbrukarrådet, Erik Lund-Isaksen, til Bergens Tidende.

— Vi ser at bruken av slike lån i mange tilfelle driv familiar ut i store økonomiske problem. Det er mange som handlar på impuls og let seg freiste av tilbod om å få kreditt og pengar i handa straks utan å øygne konsekvensane. Det oppdagar dei først i ettertid, seier Lund-Isaksen

Den halvårlege rapporten for finansinstitusjonar som Kredittilsynet offentleggjorde onsdag, fastslår at desse selskapa har ei høg nettorente samanlikna med andre selskap. Tilsynet slår fast at det viser at selskapa ved prisfastsettinga tek høgde for større kredittrisiko.

Talande tal

Reknskapa til fleire av selskapa som tilbyr slike lån, fortel sitt:

Det svenskeigde selskapet Finaref AS tilbyr gjennom selskapet Ellos privatlån lån til privatkundar til ei nominell rente på 1,97 prosent i månaden. Det utgjer 23,64 prosent på årsbasis, nominelt. Ved eit lånebeløp på 12.000 kroner som blir nedbetalt over fire år, blir den effektive renta på heile 32,46 prosent.

I 2003 hadde selskapet plassert 527 millionar kroner som utlån til kundar. Selskapet opererte med ei tapsavsetning på heile 82 millionar kroner på grunn av misleghaldne lån og rekneskapsførde eit tap på 33 millionar kroner. Av utlånsporteføljen på 527 millionar kroner var inntektsføringa av renter stoppa opp for heile 93,4 millionar kroner, eller knapt 18 prosent av utlånssummen.

I årsmeldinga fortel styret at «Finaref har som formål å drive finansieringsverksemd til privatkundemarkedet. Hvert enkelt lånebeløp er lågt, utan etableringsgebyr og det kreves ingen form for sikkerhet. Erfaringane viser at det er god etterspørsel etter institusjoner som tilbyr kreditt til privatpersoner på en hurtig og bekvem måte.»

Finaref, som er eigd av den franske finanskjempa Credit Agricole, har sett verksemda i system: Medan Finaref yter lån, har selskapet eit dotterselskap Viab Inkasso AS som har til føremål å drive inkasso for konsernselskapa. At den innsatsen er påkravd, framgår av årsmeldinga frå styret: «Kundetapene er store, en vesentlig årsak er en dårlegare betalingsvilje i markedet.»

34 prosent i DnBNOR

Men Ellos eller Finaref er ikkje åleine. DnBNOR der staten er største eigar med 33,67 prosent (35,8 om vi tek med Folketrygdfondet) tilbyr forbrukslån på endå dårlegare vilkår.

Selskapet tilbyr ein rentesats på 1,25 prosent pr. månad. Det gjev ei nominell rente på 15 prosent i året. I tillegg kjem diverse kostnader. Eit lån på 10.000 kroner med nedbetaling over eitt år gjev ei effektiv rente på heile 33,53 prosent.

Selskapet GE Capitalbank marknadsfører seg med store bokstavar ved å tilby lån på inntil 200.000 kroner avdragsfritt i seks månader til 9,9 prosents rente.

Kor høg den effektive renta blir, vil avhenge av lånebeløp og nedbetalingstid.

Eit lån på 30.000 kroner over fire år vil ha ei nominell rente på 14,75 prosent medan den effektive renta ifølgje selskapet vil vere på 20,4 prosent.

Betalingskortet Cresco gjev kreditt for varekjøp med månadleg rente på 1,60 prosent nominelt, eller 19,2 prosent på årsbasis. Lån av 10.000 kroner over eitt år gjev ei effektiv rente på 31,64 prosent.

Møbelkjeda Skeidar operer med sin eigen handlekonto som yter kreditt. Her er månadsrenta 1,65 prosent nominelt eller 19,8 på årsbasis. Den effektive renta ved ein lån på 10.000 kroner over eitt år, er 32,4 prosent.