Beløpet 1930 milliardar kroner framgår av ei oppstilling Finansdepartementet har laga for Bergens Tidende. Det omfattar skatt og avgifter, aksjeutbyte frå Statoil og inntektene frå SDØE, statens direkte økonomiske engasjement (eigardelar) i oljesektoren.

Konklusjon utan drøfting

Lovavdelinga i Justisdepartementet meiner at staten ikkje har ei slik tilknyting til (olje)verksemda at det er rimeleg å halde staten ansvarleg. Avdelinga meiner også at det er meir naturleg å rette krav mot operatørselskapa.

Utan eitt einaste ord til forsøk på drøfting har Lovavdelinga også kome til at staten ikkje kan haldast erstatningsrettsleg ansvarleg for kva Nordsjø-dykkarane er blitt utsette for i Statoil si teneste.

Trass i at Statoil i 1972 vart oppretta som staten sitt kommersielle instrument og med olje— og energiministeren som einegeneralforsamling i selskapet, meiner Lovavdelinga at det ikkje er grunnlag for identifikasjon mellom staten og Statoil.

Standpunktet kjem fram i Lovavdelinga si vurdering av om staten kan haldast erstatningsrettsleg ansvarleg overfor Nordsjø-dykkarane.

Dykkarane har nå gått til to-frontskrig mot staten. Staten er dels saksøkt med krav om erstatning. Samstundes er to embetskvinner melde til politiet. Grunnlaget er påstand om grove forsømingar.

- Sterke interesser

Professor i offentleg rett og spesialist i arbeidsrett, Henning Jakhelln, ved Universitetet i Oslo, reagerer sterkt mot det han meiner er ein freistnad på å vri seg unna det ansvaret staten har.

— Staten har heile tida hatt sterke økonomiske interesser i oljeverksemda. Samstundes har staten vore lovgjevande, regulerande og kontrollerande makt. Det blir eit sentralt spørsmål i kva grad staten har opptrådt med aktsemd eller aktlaust i spørsmål som rører ved dykkarane sitt arbeid. Staten har forsømd seg. Arbeidsmiljølova av 1977 vart ikkje gjort gjeldande for dykkarar før i 1995. Staten har også akseptert at ulike dykkartabellar kunne vere ein konkurransefaktor mellom selskapa, seier Jakhelln.

Han meiner generelt at Lovavdelinga sine vurderingar i mange samanhengar blir tillagd alt for stor vekt: Lovavdelinga er ikkje uavhengig men må reknast som «leigesoldat» for staten.

Jakhelln var med i det offentlege utvalet som utggreidde arbeidstakarane si stilling i konsernforhold. Utvalet avgav innstilling i 1996 men den er ikkje fylgt opp av Regjeringa.

- Sit med ansvaret

— I den innstillinga slo utvalet fast at ein eigar ikkje kan organisere seg vekk frå arbeidsgjevaransvaret. Det må også gjelde for staten, seier Jakhelln.

— Det er ganske klart at Statoil har vore ein reidskap for staten og at selskapet har vore ein praktisk måte for staten å organisere interesser og eigarskap på. Statoil har vore staten opp og ned i mente, seier Jakhelln.

— Grunnen til at ein vel aksjeselskaps form, er at verksemda er risikofyllt og at ein ynskjer å avgrense ansvaret ved investeringar. Når ein går i gang med oljeboring er det greit nok at dette må reknast som risikofyllte investeringar, seier Jakhelln, og held fram:

  • Dei tilsette vel ikkje på same måte kontrahent. Når dei reiser ut på plattformen er dei 100 prosent Statoil sitt ansvar.

I perioden 1967-1990 omkom 55 dykkarar i petroleumsverksemda i Nordsjøen. 17 av dødsfalla skjedde i norsk sektor.

Tre av fire dykkarar er blitt utsett for dykkarulykker eller dykkarsjukdommar. Over halvparten har hatt trykkfallsjuke (luftbobler i blodet), mange fleire gongar.

Heile 83 prosent av dykkarane har opplevd livsfarlege situasjonar under dykking.

Nær 20 prosent av dykkarane er blitt uføretrygda. Nokre av dei er blitt uføretrygda før fylte 40 år.

Det finst ingen offisielle tal for sjølvmord. Nordsjødykkaralliansen har operert med talet 16. Granskingskommisjonen kom til at sjølvmordsraten er 20 gongar høgare for Nordsjø-dykkarane enn for andre menn i same aldersgruppe.