Pressemeldinga vart sendt ut etter at Nordhus og advokaten hans, Tor Erling Staff, gjennom Bergens Tidende, skulda staten for avtalebrot. I sjølve avtalen om forlik heiter det mellom anna: «Vedlagt denne forliksavtale er en erklæring fra Justisdepartementet avgitt i anledning inngåelsen av forliket.»

Sterk ros

Erklæringa inneheld sterk ros til forskarane, samstundes med at staten legg seg flat og seier seg lei for dei belastningane dei to forskarane har vore utsett for.

I erklæringa står det blant anna: «Justisdepartementet benytter denne anledning til å uttrykke sin anerkjennelse til Nordhus og Vogt for det omfattende arbeidet og krevende og uegennyttige engasjement som de har vist for å følge opp indikasjoner om rettsstridig voldsbruk fra politiets side i Bergen. (...)

Justisdepartementet beklager at de to forskerne har opplevet ubehageligheter og ekstraordinære belastninger som følge av sitt forskingsarbeid om voldsproblematikken i Bergen.»

— Stempla som kriminelle

— Mange har sett på oss og det arbeidet vi har gjort, med den største mistru og meint vi har fare med fusk. Sjølv er vi blitt stempla som meir eller mindre kriminelle, seier professor Edvard Vogt. Og han held fram:

— Ei slik erklæring vil nokså sikkert få mange til å endre oppfatning om desse forholda. For meg og familien min er dette godt og viktig. Vi har allereie fått mange gratulasjonar etter at forliket vart kjent.

Gunnar Nordhus slår fast at det ikkje hadde blitt noka forlik med staten utan denne erklæringa.

— Vi har nå fått støtte frå Høgsterett og domstolane, frå Justisdepartementet og frå fagmiljøa. Alle faginstansane. Meir kan du ikkje oppnå. Samstundes har eg fått mange telefonar, blomster og klapp på skuldera på gata. Dette gjer umåteleg godt, seier Nordhus.