Direktøren i landets største kredittinstitusjon langa ut mot OPS-finansiering (offentleg-privat samarbeid) på IS Fjordvegen sin konferanse i Førde.

Interesseselskapet er danna av kommunar langs riksveg 13. Utsendingane likte Jensen si lovprising av bompengefinansiering. Det er beste ordninga så lenge staten ikkje vil gjera opp kontant.

Langs det indre vegsambandet på Vestlandet står bompengeprosjekta i kø. Hardangerbrua er vedteken i Stortinget, og Ryfast i Rogaland blir enda ein milliard dyrare. Saka passerer fylkestinget fredag. Vossapakko (0,8 milliardar) er alt ferdigpakka lokalt, og ligg i Vegdirektoratet. Langs heile vegen ligg det tunge vegkrav.

— Berre surr

Snart må staten betala dei første avbetalingsratene for vegprosjekt som Bårdshaug-Klett og Flekkefjord-Lyngdal. Her er det snakk om internrente på 10,3 og 9,3 prosent, medan bompengeprosjekt klarer seg med 2,5 prosent.

OPS-avtalane går ut på at ein privat entreprenør finansierer og bygger vegen. Staten krev inn bompengar og betalar entreprenøren i årlege rater.

Det som gjer OPS til dårleg butikk for samfunnet, er at ein privat utbyggjar oppnår dårlegare rente enn eit bompengeselskap med statsgaranti, får ikkje lån utan eigenkapital, og må sjølvsagt rekna seg forteneste.

Samferdleminister Liv Signe Navarsete mislikar at dei tre OPS-prosjekta som er sett i gang vil binda opp statsbudsjettet med 800 millionar kroner årleg framover. Men ho er ikkje klar til å fella nokon dom over ordninga, fordi det no skal gjerast ei evaluering.

Kamuflasjetriks

Oppfinninga har sitt opphav i EU, der offentleg gjeld ikkje skal overstiga 60 prosent av brutto nasjonalprodukt. Det er nedfelt i Maatricht-avtalen. I EU-land har det difor gått sport i å kamuflera offentleg gjeld som privat, meiner Jensen

Jensen sin hovudbodskap er at vi brukar alt for lite pengar på vegbygging. Vi har ei håplaus kø. Lokale krefter pressar på. Staten held att, og ordnar køen.

— Investering er sparing. Før lånte vi pengar for å investera i Noreg. No, når Staten er blitt rik, sparer vi ved å investera i utlandet Handlingsregelen med oljepengane er det mangt godt å seia om, men han har også skadeverknader, sa Jensen, og tok ordet katastrofe i sin munn.

— Eg skjønar ikkje at dei andre partia let Frp koma til duk og dekka bord. Å dekka bordet for andre, er ingen god idé, seier han.

Forsamlinga let seg tvillaust overtyda av Jensen sin dokumentasjon. Økonomane i Finansdepartementet må bu seg på kraftige åtak mot etablerte haldningar.

Spenningsfelt

Fjordvegen, riksveg 13, ligg i spenningsfeltet mellom krav til storstilt opprusting og å ta vare på verdiar som turistveg.

Medan Kyststamvegen E39 går gjennom storbyane og folkerike strok langs kysten, går Fjordvegen frå småbyen Sandnes til eit vegkryss ein mils veg frå småbyen Førde, gjennom spektakulært fjordlandskap og over høge fjell.

Her står utbyggingsprosjekta i kø. Vegen har svært varierande standard. Mange stader er det rasfare, og regionvegsjef Ole Chr. Torpp er uroa over høg ulykkefrekvens, særleg ved tettstadene Hjelmeland, Odda og Voss. Oftast er dei omkomne mellom 18 og vel 20 år.

VEGPROSJEKT I KØ: Bjarne Jensen i Kommunekreditt Norge meiner at vi brukar alt for lite pengar på vegbygging. Bilda er frå Kinsarvik, Eidfjord og Vikafjellet. FOTO: ARNE HOFSTH