Staten handla med kriminell
I mars 2002 kjøpte statlege Entra Eiendom eigedomane Youngsgate 7-9 i Oslo. Seljar var CMT Holding med adresse Cayman Island. Eigaren har fleire dommar for økonomisk kriminalitet.
AV: vidar ystad
Den ferskaste dommen på 11 månaders fengsel er frå januar i år. Då vart Terje Andreassen (57) dømd for grovt bedrageri. Han hadde då adresse i Den dominikanske republikk.
Andreassen har anka dommen, men anken er nekta fremja. Dette er påklaga.
Formidla av hockeydirektør
Riksrevisjonen har nå retta søkjelyset mot transaksjonane med Youngsgate 7-9 i ein ny granskingsrapport. Her framgår det at det ikkje kan gjerast greie for og dokumenterast kven som har teke imot fleire millionar av ein samla kjøpesum på 50 millionar kroner.
I går bad økokrimsjef Einar Høgetveit om å få rapporten. Han seier at etaten har avventa denne rapporten for å gå inn i Entra-saka som vart oversendt frå Riksrevisjonen til Økokrim sist vinter.
Formidlinga av denne eigedomshandelen er noko spesiell - den stod nemleg marknadsdirektør Jan Tore Kjær i Vålerenga Ishockey AS for. På vegner av Andreassen og CMT Holding kontakta ishockeydirektøren Erik Løfsnes, direktør i Entra Eiendom, og spurde om Entra kunne vere interessert i å kjøpe dei to eigedomane i Youngsgate.
Bergens Tidende er kjent med at ein tidlegare eigar av desse eigedomane gjer krav på eigedomsretten. Han hevdar at han på ulovleg vis er blitt fråteken eigedomsretten.
Saman i VIF
Jan Tore Kjær stadfester at han kontakta Løfsnes om mogeleg sal.
- Bakgrunnen var at Entra Eiendom var sponspor for VIF, og vi koplar gjerne næringsinteressentar, seier Kjær.
I perioden 2001-2006 betalte Entra Eiendom i alt 7,3 millionar til VIF Hockey AS.
Kjær opplyser at Andreassen hadde kontakta han for å høyre om han visste om nokon som kunne vere interessert i å kjøpe eigedomane.
Både Andreassen og Løfsnes var på dette tidspunktet styremedlemer i VIF Hockey AS. Andreassen hadde dessutan i mange år vore storaksjonær i VIF Hockey AS. Frå hausten 2002 var han hovudaksjonær med 68 prosent av aksjane.
Løfsnes og Andreassen har også hatt forretningsmessig forhold knytt til utvikling av Vålerenga Park AS. Andreassen eig 50 prosent av dette selskapet, og Løfsnes sat i styret for selskapet frå juni 2003 til mars 2006. Resten av aksjane i selskapet er det VIF Hockey AS som eig.
Feilinformerte
Riksrevisjonen har nå avdekkja at Entra Eiendom har gjeve ei rad urette opplysningar under granskinga av saka. Det gjeld både til Næringsdepartementet, til Riksrevisjonen og direkte til kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.
Nærings- og handelsdepartementet har på si side kome i skade for å gje urette opplysningar til Frp si stortingsgruppe om Erik Løfsnes sin posisjon som styremedlem i VIF Hockey AS.
Løfsnes vart i sommar fjerna frå stillinga etter at det kom fram at han hadde gjeve urette eller mangefulle opplysingar også til styret i Entra Eiendom.
Les også
Siste fra Innenriks
fakta Entra Eiendom
* Etablert 1.7.2000
* Eigd av staten v/Nærings- og handelsdepartementet
* Eitt av landets største eigedomsselskap, med eigedomsmasse på kring 987.000 m2. Fokus på kontoreigedom
* I Bergen eig Entra Eiendom mellom anna Politihuset, Kunsthøgskulen, Statens Hus i Kaigaten, Tollbualmenning 2a (Tollvesenet) og Spelhaugen 12 (Statens vegvesen)