Korleis det kunne skje, er eitt av spørsmåla Kontrollkomiteen stiller.

— Vi er svært forbausa over dette. Det er openbert at det ikkje skulle skjedd, og vi spør oss om kvifor dette ikkje er stoppa, men tvert om godteke av embetsmennene i departementet, seier Frp-formann og medlem av Kontrollkomiteen på Stortinget, Carl I. Hagen, til Bergens Tidende.

Administrasjonsdepartementet ville i går ikkje svare på spørsmål frå Bergens Tidende om korleis det kan ha seg at Norman har fått dekt slike utgifter.

Lisa Bang, som er konstituert informasjonssjef i departementet, vil ikkje grunngje kvifor departementet ikkje vil svare.

Samstemmig

Ein samstemmig kontrollkomite sendte i går eit nytt brev til statsminister Kjell Magne Bondevik om saka. Her heiter det mellom anna:

«En oversikt over representasjons- og bevertningsutgifter som statsråd Norman har belastet statskassen med kan tyde på at et betydelig antall av disse verken omfattes av reglene for representasjon eller bevertning.»

Norman har levert rekningar for lunsj på småbeløp som staten har betalt. Men det er også middagar for statsråden og resten av den politiske leiinga på fleire tusen kroner.

Samla summerer desse utlegga seg til mange tusen kroner.

Redd Norman?

— Desse rekningane er private og skulle vore avvist av kontrollsystemet. Kvifor det ikkje skjedde er forunderleg, seier Hagen.

— Kan forklaringa vere at embetsverket var redd statsråden?

— Det kan sjølvsagt godt vere tilfellet. Vi vil ha eit kontrollsystem som gjev embetsverket eit klart mandat til å gripe inn mot misbruk utan å risikere noko, seier Hagen.

I tillegg til dei private rekningane kjem overskridingane på det som er statens maksimalsatsar for representasjon.

100.000 for mykje

Hagen seier til Bergens Tidende at han meiner Norman urettmessig har fått utbetalt innpå 100.000 kroner for serveringsutgifter som er staten uvedkomande. Norman har sjølv gått med på å betale tilbake 13.000 kroner med grunngjevinga at han har gått ut over staten sine satsar.

Hagen presiserer at det ikkje er komiteen si sak å syte for tilbakebetaling. Det er statsministeren sitt ansvar.

— Det er også all grunn til å stille spørsmål ved at statsråden gjekk bak ryggen på departementsråden for å få viljen sin, etter at han først hadde fått avslag av departementsråden, seier leiaren i Kontrollkomiteen, Ågot Valle (SV) til Bergens Tidende. Ho viser til innkjøp av piano og stereoanlegg til husveret hans i Oslo.

Valle seier at det som hittil har kome fram i saka, viser at statsråd Norman har vist «utruleg dårleg skjøm».

Ingen støtte

Ho slår fast at det er ingen støtte for Norman sin praksis og forklaringar i dei breva som Kontrollkomiteen i går mottok frå statsministeren og frå settestatsråd Lars Sponheim.

— Norman har opptredd på ein måte som gjer at han ikkje har meir tillit, autoritet og respekt å tape. Han har opptredd på ein måte som ikkje er akseptabel. Eg er forbausa over at han framleis er statsråd, seier Hagen.

— Hagen meiner reglane i utgangspunktet er greie nok, men dei føreset at dei som skal praktisere regelverket har fornuft og klokskap. Det er her Norman sviktar, seier Hagen.