VIDAR YSTADOslo

Det kan Bergens Tidende fastslå på grunnlag av opplysningar frå partane i Viksveen-saka.

Det er nå klart at dei rettslege avhøyra av tidlegare Stasi-agentar, blir gjennomførd slik Overvakingspolitiet (POT) og påtalemakta ynskjer.

— Vi har nå undersøkt i Tyskland, og med basis i det, er det klart at avhøyra vil gå for stengde dører, seier forsvararen, advokat Atle Helljesen, til Bergens Tidende.

Fri bane for POT Høgsterett sitt kjæremålsutval forkasta seint fredag kveld kjæremålet frå journalist Stein Viksveen og forsvararane Atle Helljesen og Frode Folkestad. Dei hadde kravd avvising av dei rettslege avhøyra.

Dermed er banen fri for førstestatsadvokat Lasse Qvigstad og medhjelparane hans i POT til å gjennomføre rettslege avhøyr av dei tidlegare Stasi-agentane.

Qvigstad seier til Bergens Tidende at dei ikkje treng å sende ei ny og endra rettsoppmoding til dei tyske domstolane. Det gjeld sjølv om rammene for avhøyra er endra frå bevisopptak til bruk under hovudforhandling, til rettsleg avhøyr under etterforsking.

Krev stengde dører Bergens Tidende er nå kjent med at norsk påtalemakt vil krevje at dei rettslege avhøyra skjer bak stengde dører.

Bakgrunnen for det er dels at avhøyra skjer under etterforsking. Dessutan trur påtalemakta at dei tidlegare agentane vil vere meir tilbakehaldne med å forklare seg, om det skjer med pressa til stades. Argumenta til påtalemakta vil vere at opne dører vil «vanskeleggjere» forklaringane eller opplysninga av saka.

Dessutan ynskjer ikkje påtalemakta at vitna gjennom pressa, skal få kjennskap til kva andre vitne har forklart. Avhøyra vil strekke seg over to rettsveker, frå 8. til 19. februar.

Hjelp av tysk advokat Helljesen opplyser at han har stokka om på programmet sitt for å kunne møte i retten i Tyskland, så sant Viksveen ynskjer det.

— Sjølv om rettsmøta er fastsett utan at tidspunktet er avtala med oss, har vi funne å måtte gjere dette, seier Helljesen.

Han opplyser at han og medforsvarar Frode Folkestad har funne å måtta søke hjelp hjå ein tysk advokat som dei kan ha for hand, dersom det skulle oppstå prosessuelle spørsmål under dei rettslege avhøyra.