LARS MÆLANDlars.maeland@bt.no Stord— Kor store luktproblem den rotnande fisken vil medføra, veit me lite om. Fisken som kom ut då båten knekte i to og sokk, var relativt heil, medan fisk som har lege og rotna i strandsona har medført store luktproblem. Kva som ventar no, vil visa seg, men det er klart me vil gjera unna denne delen av tømejobben så raskt som muleg, seier administrerande direktør Georg Eide i bergingsselskapet Eide Marine Service på Halsnøy i Kvinnherad.Kvinnheradselskapet fekk mykje ros for jobben med å heva den havarerte snøggbåten "Sleipner" ved Store Bloksen. No ventar ein ny vanskeleg ryddejobb nokre sjømil lenger sør på Sletta, der fryseskipet "Green Ålesund" eigd av bergensreiarlaget Nomadic Shipping gjekk på grunn fredag 15. desember i fjor. Havaristen brotna i to og sokk to månader etter. No skal vrakdelane hevast og fraktast til Kvinnherad, men først må delar av den 3200 tonn store fiskelasta fjernast.- Eit dykkarfartøy og to lektarar kom på plass ved havaristaden i Bleivik tirsdag, og me har dei siste dagane testa den spesialkonstruerte produksjonslina der den rotnande fisken først skal grovkvernast, så finkvernast før lagring i tankar på eine lektaren, seier Eide.Han vurderer arbeidet på havaristaden som den kritiske fasen i prosjektet, der kontraktsramma er 55,3 millionar kroner.

Les også: Fryktelige tall for Nomadic